MÅ TIL: Ordførar Jarle Aarvoll og rådmann Jostein Aanestad i Sogndal er skeptiske til forbod mot sykling og riding i dei føreslåtte naturreservata på Kaupanger. Foto: arkiv.
MÅ TIL: Ordførar Jarle Aarvoll og rådmann Jostein Aanestad i Sogndal er skeptiske til forbod mot sykling og riding i dei føreslåtte naturreservata på Kaupanger. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Politikarane skeptiske til innskrenking av fri ferdsel i naturreservata

Fleirtalet krev at det føreslåtte forbodet mot sykling og riding må fjernast før dei kan støtte vernet.

Sogndal: I ein uttale signert rådmann Jostein Aanestad og ordførar Jarle Aarvoll har Sogndal kommune kome med merknader til forslaget om å opprette to naturreservat på Kaupanger.

Saka var i dag oppe i formannskapet, som støtta seg til uttalen mot ei stemme. Der seier kommunen seg generelt positiv til frivillig vern av område med stor verneverdi, men er samstundes skeptiske til ei innskrenking av retten til fri ferdsel i området. 

– Vi meiner at avgrensing i retten til fri ferdsel er eit alvorleg verkemiddel som berre bør nyttast i særlege høve, står det i uttalen.

Krev fjerning av forbod

Norsk institutt for naturforsking (NINA) har undersøkt kor sårbare stiane i dei to føreslåtte naturreservata på Kaupanger er overfor den stadig meir populære stisyklinga. Konklusjonen er at det er påvist stor slitasje på enkelte strekningar og at «auka sykling venteleg vil føre til vesentleg større slitasjeskadar på delar av stiane».

Rådmannen og ordføraren vedgår dette, men skriv i uttalen at «det ikkje noko som tyder på at verneverdiane vert skadelidande ved å tillate sykling og bruk av hest, samanlikna med ferdsel til fots».

Difor meiner dei at forslaget om å forby bruk av tråsykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar må fjernast.

– Denne endringa er ein føresetnad for at kommunen kan støtte oppretting av verneområda, skriv dei.

Saka blir avgjort i departementet

Forslaget om å opprette naturreservata Rodeholene og Breidesete vart sendt på høyring 8. mai. Politikarane vart tekne på senga av forslaget og Sogndal kommune fekk utvida fristen for å uttale seg til 25. oktober.

Om uttalen forblir uendra vil bli bestemt i kommunestyret 19. oktober.

Etter det skal Fylkesmannen oppsummere innspela som har kome inn og gje ei tilråding til Miljødirektoratet, før Klima- og miljødepartementet avgjer saka.

Fordi det er eit frivillig vern kan grunneigar når som helst trekke fredinga. 

Til toppen