Lærdal: Den 20. oktober vedtok kommunestyret i Lærdal å legge ned Ljøsne skule for å spare pengar. Foreldre reagerte med vantru og varsla kjapt at dei ville klage det, etter deira syn, ulovlege vedtaket inn til Fylkesmannen.
Ifølgje lova skal krav om lovlegkontroll først bli handsama av organet som fatta det opprinnelege vedtaket. Det vil seie at kommunestyret i Lærdal no må ta stilling til om skulenedlegginga var lovleg, før saka eventuelt hamnar hos Fylkesmannen.
Les også: – Frykteleg lei meg for at eg ikkje klarde å redda skulen vår
Les også: – Omsynet til bornas beste har falle totalt for økonomi
Rådmann Alf Olsen Jr. stadfester at skulenedlegginga kjem opp som sak i neste kommunestyre 24. november. No jobbar han med tilrådinga.
– Eg kan allereie seia at eg vurderer vedtaket til å vera lovleg. Men det er kommunestyret som skal ta stilling til det, seier han.