Årdal: Politikarane i formannskapet i Årdal var tysdag samde om å tilrå oppretting av to politiske utval innan januar 2019. Dei vil at det skal vera eitt utval for barnehage, skule og kultur og eitt for helse og omsorg.
– Me meiner at me politikarar må ta dette grepet og sørga for at me får meir demokrati inn i prosessane, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).
- Les òg: Framleis tøffe tak etter Robek
- Les òg: Årdal kommune må kutte 9 millionar kvart år dei neste fire åra
Rådmannen åtvara politikarane
Tilrådinga til rådmannen var den motsette. Han åtvara både om at det ville vera krevande å innføra ein slik modell, det vil ta tid og det vil kosta.
– De kan ikkje vedta eit slikt forslag, utan å finna inndekning, sa han.
For å spara pengar vedtok politikarane å legga ned den såkalla hovudutvalsmodellen då kommunen hamna på Robek-lista i 2013. Intensjonen var heile tida å gjeninnføra utval når den økonomiske situasjonen tillet det.
Opp til kommunestyret
Politikarane var samstemde i at tida no er inne.
– Eg er einig i at me må innføra politiske utval. Me politikarane opplever at me ikkje har nok innsyn i sakene, til å ta dei gode avgjerdene, sa varaordførar Sandra Opheim (uavhengig).
Ho var open for å diskutera både tidspunkt for innføringa og kor mange utval det bør vera.
Då det var tid for stemmegjevinga hadde representantane samla seg om forslaget til Arbeidarpartiet. No blir det opp til kommenstyret å avgjera.