Øvre Årdal: Saka om nærmiljøanlegget som skal plasserast på paviljongtomta i Øvre Årdal trekk ut i tid. Sjølv om dei folkevalde er samde om at dette er eit positivt tilskot for kommunen, er dei klare på at dei vil gjere dette skikkeleg når dei først driv på.
Det er i hovudsak sandvolleyballbana som lagar litt trøbbel. For medan Anne Kauppi og Arbeidarpartiet ønskjer at denne vert omgjort til ei sandhandballbana, er Sandra Opheim og Miljøpartiet Dei Grøne redd for at sanden kan øydeleggje for dei to andre aktivitetane, nemleg klatrepark og crossfit-anlegg.
- Les også: Slik blir paviljongtomta sjåande ut
– Alle er samde om at dette er blitt ei bra sak, men i ein rettleiar frå 2009 frå kulturdepartementet vert det peika på at det er lurt å lage ei bane som gir rom for både handball og volleyball, og at bana ikkje vert lagt til areal med andre aktivitetar fordi sanden kan spreie seg, sa Opheim.
Dyrare med handball
Det viser seg at ei slik utviding av bana både kostar meir og at ho er vanskeleg å finne rom til på paviljongtomta.
– Eg har ikkje kvalitetssikra tala, men dei eg har på bordet tilseier at sandbana vert mellom 130.000 og 150.000 kroner dyrare. Men for at dette ikkje skal bli vanskeleg, kan ein foreslå at løysinga med sandbana vert trekt ut og at ein ser på alternativ plassering, sa rådmann Olve Fossedal.
Det betyr at dei andre tiltaka ikkje vert påverka og at byggjestart ikkje vert forseinka.
Trekanten er aktuell
Saman med Arbeidapartiet framja Opheim difor eit forslag om at rådmann finn ei ny alternativ plassering for sandbana, der ein særleg ser på trekanten mellom Jotun stadion og krøllgraset. Samstundes meiner dei at anlegget skal leggjast til rette for rørslehemma.
– Viss plasseringa vanskeleggjer bruken av dei andre anlegga, er dette bortkasta. Ap meiner då ein skal vurdere andre område. Trekanten er ikkje langt unna, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).