HELDIG FOR LEGITIMITET: – Det er klart at vaksne menneske har med seg mykje livserfaring, men eg trur ikkje det er heldig for legitimiteten til meddommarordninga dersom ein så stor del er eldre menneske, seier Arbeidarpartiets nestleiar Hadia Tajik. Illustrasjonsfoto: Ina Eirin Eliassen.
HELDIG FOR LEGITIMITET: – Det er klart at vaksne menneske har med seg mykje livserfaring, men eg trur ikkje det er heldig for legitimiteten til meddommarordninga dersom ein så stor del er eldre menneske, seier Arbeidarpartiets nestleiar Hadia Tajik. Illustrasjonsfoto: Ina Eirin Eliassen. (Foto: Arkivfoto/Ina Eirin Eliassen. )

Politikarar etterlyser yngre meddommarar

Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet er einige om at meddommarane ikkje burde vere eldre enn «folk flest». Frp meiner derimot at alder ikkje er ei hindring i rettssaker.

Indre Sogn: Ifølgje Domstoladministrasjonen er 80 prosent av lekdommarane i lagmannsretten over 43 år, og langt over halvparten er over 50 år, skriv Dagens Næringsliv.

– Det er klart at vaksne menneske har med seg mykje livserfaring, men eg trur ikkje det er heldig for legitimiteten til meddommarordninga dersom ein så stor del er eldre menneske, seier Arbeidarpartiets nestleiar Hadia Tajik, som også er leiar for justiskomiteen. Ho får støtte i at meddommarane ikkje berre burde representere ein eldre generasjon frå Høgres Peter Christian Frølich, som også sit i justiskomiteen.

– Den store oppgåva for medlemmene er å fastslå kva som er faktum i sakene, og då må ein ha eit mangfald av livserfaringar, seier Frølich. Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) meiner den skeive alderssamansetninga utgjer ei utfordring for rettstryggleiken, mens justispolitisk talsmann i Framstegspartiet Jan Arild Ellingsen seier «alder er inga stor sak».

– Eg føreset at den som seier ja til å bli lekdommar gjer jobben sin uansett alder. Fru Justitia er blind, og du skal dømmast etter kva som kan bevisast, seier Ellingsen. (©NPK)

Til toppen