SKAL LEGGAST NED: Sogndal statlege mottak har 140 bebuarar på Kaupanger. Om tre månader kan det vera slutt, om ikkje politikarane i kommunen greier å overtala regjeringa om å snu.
SKAL LEGGAST NED: Sogndal statlege mottak har 140 bebuarar på Kaupanger. Om tre månader kan det vera slutt, om ikkje politikarane i kommunen greier å overtala regjeringa om å snu. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Politikarar i Sogndal ønskjer omkamp for asylmottaket

– Me tykkjer det er sløsing med ressursar å legga ned eit slikt mottak, seier varaordførar i Sogndal, Laura Kvamme (Sp).

Sogndal: Ifølgje varaordføraren må det eit politisk krafttak til for å redda asylmottaket i kommunen frå nedlegging.

Konkret må nokon i regjeringsapparatet overtalast til å snu.

– I praksis er det Høgre, Frp og Venstre som har ein sjanse til å gjera noko med dette, men sjølvsagt jobbar me alle inn mot våre parti. Det er verdt eit forsøk, seier Kvamme.

POLITISK JOBB: Varaordførar Laura Kvamme (Sp) meiner politikarane i Sogndal må jobba opp mot eigne parti for å endra vedtaket om å legga ned mottaket i kommunen. Foto: arkiv. 

Ho trur eit viss politisk stjerneskot frå Nordfjordeid kan verta nøkkelen i ein eventuell snuoperasjon.

– Sløsing med ressursar å legga ned

Det er ei drøy veke sidan det brått vart kjent at asylmottaket i Sogndal skal leggast ned innan tre månader. Opptil 140 bebuarar går ei usikker framtid i møte, sju tilsette mister jobben og kommunen må til dømes kutta stillingar innan helse og i norskopplæringa, tenester som har blitt skalert opp for å ta hand om flyktningane. 

– Me er veldig skuffa over at me blir lagt ned, for dette mottaket har vore svært godt drive sidan starten. Dei har opparbeida eit godt samarbeid med kommunen og fått til integreringa i nærmiljøet. Me tykkjer det er sløsing med ressursar å legga ned eit slikt mottak, seier Kvamme.

– Det paradoksale er at det ikkje er mindre flyktningar i verda, men det er ein villa politikk frå regjeringa at me skal ta imot færre i Norge, seier varaordføraren.

Likevel meiner ho det er eit lite håp, spesielt om Venstre i Sogndal greier å trekka i dei rette trådane. Dei har nemleg ein mann på innsida.

UVISS FRAMTID: Azeib Alemseged og Senait Miheretb frå Eritrea har budd på Kaupanger i sju og åtte år, Sena Kaba Moti frå Etiopia i eitt år. For dei kom beskjeden om at mottaket skal leggast ned som eit sjokk. Foto: Halvor Farsund Storvik

Venstre lovar å prøva

For i januar vart Sveinung Rotevatn (V) utnemnd til statssekretær i det nye justis- og innvandringsdepartement, departementet som har ansvar for saka.

Christen Knagenhjelm i Sogndal Venstre seier at gruppeleiaren er i England, men at styret i partiet skal diskutera saka over telefon i morgon.

JOKER: Sveinung Rotevatn (V) er statssekretær under Sylvi Listhaug, og den som har størst sjanse til påverka ei eventuell omgjering av nedlegginga. Bilde:  Truls Grane Sylvarnes

– Me vil prøva å ta eit initiativ, men førebels har me ikkje kome lenger enn til startblokkene, seier han.

Han seier at det er fleire vektige argument for at mottaket i Sogndal skal få eksistera vidare.

– Sjølv om det akkurat no er roleg her i landet, så er det likevel så mange flyktningar i verda at det kan vera bra å ha ein viss beredskap. Sogndal har hatt eit utruleg veldrive mottak og bygd opp kompetanse over lang tid. Alle veit at slik kompetanse er lettare å bryta ned, enn å bygga opp att, seier han.

– Slik premissane er blir det truleg vanskeleg å få til noko, men me vil uansett prøva, seier Knagenhjelm.

Sabanovic (Ap) tykkjer nedlegging er trist

På formannskapsmøtet torsdag var nedlegginga av mottaket eit spørsmål som opptok fleire av politikarane. Senea Sabanovic (Ap) tykkjer det som har skjedd er trist for Sogndal.

– Det at mottaket forsvinn vil me merka på mange område i kommunen vår. Me har dyktige fagfolk som blir ståande utan arbeid. Me har ei nærsamfunnm med skular, organisasjonar og frivillige, som har inkludert asylsøkarane på ein god måte. Det er heilt forferdeleg at ungar og familiar skal bli rivne vekk frå trygge miljø, der dei har skapt seg eit liv, sa Sabanovic. 

– Det er trist at me har eit Europa fullt av flyktningar, men så har andre bestemt at me ikkje får lov til å hjelpa. Me får ikkje nytta det me har bygt opp, for eksempel på Kaupanger, sa Kvåle.

Til toppen