DEBATT: Harald Husabø og Frank Eldegard inviterer til politisk debatt med alle partia i Årdal komande torsdag. Samtlege parti har sagt seg villig til å stilla. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
DEBATT: Harald Husabø og Frank Eldegard inviterer til politisk debatt med alle partia i Årdal komande torsdag. Samtlege parti har sagt seg villig til å stilla. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Politikarar skal bli utfordra i paneldebatt

– Me ønskjer å skapa noko meir rundt valet og koma oss vekk frå berre stand.

Årdal: I Årdal går det mot det mest spennande valet kanskje nokonsinne, og for å gjera dagane i forkant av sjølve valdagen endå meir interessant skal politikarane i Årdal no utfordrast i ein paneldebatt.

Kjelde og Årdal Næringssamskipnad har teke initiativ til å arrangera ein politisk debatt torsdag neste veka, der representantar frå samtlege seks parti som stiller med liste møter.

– Me hadde diskutert dette i næringssamskipnaden, og så hadde Frank (Eldegard, i Kjelde AS, journ. anm.) teke eit initiativ til å skapa noko meir rundt valet og koma oss vekk frå berre stand som ikkje seier noko særleg og er avhengig av om du er forbi, fortel Harald Husabø i Årdal Næringssamskipnad. 

Få fram ulikskapar

Samtlege parti har stadfesta at dei stiller med ein kandidat til debatten, som kort oppsummert skal omhandla næringslivet og samfunnsspørsmål i Årdal. 

– Hensikten er å få fram kva dei ulike partia står for, få informasjon om partia. Det er interessant å få fram eit nyansert bilete. Me er ikkje så opptekne av det som har skjedd, men det som skjer framover, seier Husabø vidare, noko Eldegard understrekar.

– Fokuset skal vera på det som skjer framover. Politikarane skal ikkje måtta svara for ting som er gjort, men det vil kanskje koma noko der òg. Det er berre kjekt og utfordrande, legg han til. 

Til å leia debatten har dei hanka inn erfarne Rolf Sanne-Gundersen, tidlegare distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane. Med han til å leia debatten håpar dei at det heile vil halde seg på eit sakleg og informerande nivå.

Då er det heller mindre erfaring å spora hjå politikarane. For nokre blir dette heilt noko nytt, men samstundes byr det på ein unik sjanse til å presentera meiningane, meiner dei to.

Meir engasjement

Det heile skal gå føre seg i kinosalen på Årdalstangen og er ope for alle. Programmet er delt i to med ein næringslivsdel og ein samfunnsdel, og mot slutten blir det opna for spørsmål frå salen. 

– Kommunen er i ein ny situasjon med Robek, og eg føler folk er meir engasjerte i vala enn før. No er folk meir på hogget, og debatten foregår i kvar krik og krok, ikkje berre på benken på torget, seier Eldegard.

– Sosiale medium har avslørt eit engasjement, og då kan ein formalisera det som kan vera lange følgjerekker, som kan vera usaklege, på Facebook. Her kan folk få svar på spørsmåla dei sit med.

Til toppen