Årdal: 19-åringen er dermed klar for ei ny utfordring når ho skal tilbringe sommaren på Stortinget og på partikontoret til Senterpartiet.
– Det er jo ein ganske stor sjanse, som eg er veldig heldig som har fått. Eg føler det har vore stor konkurranse om stillingane. At eg er så heldig at eg har fått den eine stillinga, er ganske uventa, seier ho til Porten.no.
– Det verkar som ei ganske spennande stilling, der ein fekk jobba i Oslo for stortingsrepresentantar, og for Senterpartiet og Senterungdommen. Det er ein spennande sjanse, og det er veldig kjekt å få denne sjansen.
Yngst i kommunestyret
Horpen har vore nestleiar i Sogn og Fjordane Senterungdom og er nestleiar i Årdal Senterparti. I fjor haust var ho vald til kommunestyret og formannskapet i Årdal kommune, og er no landets yngste formannskapsmedlem.
- Les også: Løfta fram som politikartalent
Noko av jobben vil foregå på Stortinget, medan noko vil skje på partikontoret. I jobben skal ho mellom anna bistå stortingsrepresentantar.
– Det blir å ta saker som kjem og formidle dei, samt noko mediehandtering, fortel ho.
Inspirerande
Å få ein slik sjanse er noko som motiverer og inspirerer, synest Horpen.
– Det gir lyst til å satse endå meir. Akkurat no tenkjer eg berre på å sitja i kommunestyret og formannskapet og jobba der, så tenkjer eg å sjå kva som kjem og vera open for sjansar som kjem, smiler ho.