LÆRDAL. Kaare Songstad (t.h.), politimeister i Vest politidistrikt, går for Lærdal som lokasjon for lensmannskontoret i Indre Sogn. Her saman med regionlensmann Arne Johannessen.
LÆRDAL. Kaare Songstad (t.h.), politimeister i Vest politidistrikt, går for Lærdal som lokasjon for lensmannskontoret i Indre Sogn. Her saman med regionlensmann Arne Johannessen.

Politimeisteren går for lensmannskontor i Lærdal

Har konkludert med at det beste alternativet for lensmannskontor i Indre Sogn vil vere Lærdal og ikkje Årdal.

Årdal/Lærdal/Aurland: Politimeister Kaare Songstad føreslår å leggje ned sytten av dagens lensmannskontor i region Vest. Tre av dei, Årdal, Luster og Aurland, ligg i Sogn. 

Det vart klart då politimeistaren i dag la fram sitt forslag til ny struktur for Vest politidistrikt.

– Førti kommunar og andre aktørar har sendt oss sine høyringsfråsegn og gitt uttrykk for si meining om forslaget mitt. Fråsegna frå kommunane har vore svært viktig for meg i arbeidet med å tilrå ny struktur for Vest politidistrikt, seier politimeister Kaare Songstad, Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Les også: Politireformen: – Me blir skvisa ut av naboane
Les også: – Burde vere politi i alle kommunar

Endeleg avgjerd på nyåret

Den største spaninga her i Sogn var knytt til kven av dei tre lensmannskontora i Lærdal, Aurland og Årdal som ville overleve. Til slutt fell valet på Lærdal.

I tilrådinga står det at valet mellom Årdal og Lærdal ikkje var enkelt. Årdal har flest innbyggarar og meir kriminalitet, men den avgjerande fordelen til Lærdal vart den sentrale plasseringa. 

Sogn blir dermed ståande att med tre lensmannskontor: i Vik, Lærdal og Sogndal, der sistnemnde er føreslått som administrasjonssenter.

Det er Politidirektoratet som har det endelege ordet i saka. Avgjerda derifrå er venta i midten av januar. Deretter får kommunane frist til 1. mars på å klage, men då først og fremst på sakshandsaminga.

Her er grunngjevinga

Tilrådinga byggjer mellom anna på arbeidsgruppa sin rapport, risikoanalysar, drøftingar i styringsgruppa med kommunane og høyringsfråsegn.

Argumenta for endringa i politiet går i hovudsak på å effektivisere drifta for å frigje ressursar til å løyse oppgåvene på nye måtar. Politimeister Songstad skriv i tilrådinga at reforma vil betre førebygging, beredskap og handsaming av straffesaker.

– Ei avvikling av tenestestader i mindre kommunar og med få saker til handsaming vil òg gje gevinst i form av mindre utgifter til leige av lokale og frigjere politioperative ressursar til aktiv teneste, skriv Songstad.

Til toppen