Lærdal: I dag la styringsgruppa for Nærpolitireforma i Vest politidistrikt fram sitt førebelse forslag på korleis politiet skal organiserast i framtida.
Kaare Songstad, politimeister i nye Vest politidistrikt, hadde saman med regionlensmann Arne Johannessen teke turen til Lærdal for å informere og lytte til uroa ordførarar i Sogn regionråd.
Det endelege ordet tilhøyrer politimeisteren, som kjem med sine konklusjonar i midten av oktober. Men som venta ligg det i løypa at talet lensmannskontor vil bli meir enn halvert.
– Vi har tru på at å effektivisere strukturen vil frigjere ressursar som vi kan omsetje til meir nyttige polititenester, rett og slett aktiv teneste, som til dømes fleire patruljar, seier politimeister Songstad.
Les også: – Burde vere politi i alle kommunar
Les også: Han meiner lensmannskontoret bør liggje i Årdal
Styringsgruppa legg nemleg opp til tre lensmannskontor i Sogn, mot sju i dag. Då har vi teke med Balestrand, som i dag tilhøyrer vaktdistrikt Sunnfjord. Dei tre kontora skal ifølgje skissa liggje i Vik, Sogndal og anten Lærdal eller Årdal. Arbeidsgruppa har dermed ikkje teke stilling til kven av dei to det blir.
Regionlensmann Arne Johannessen innrømmer det er pedagogisk utfordrande å overbevise folk om at det blir betre politi av å leggje ned lensmannskontor.
– Det handlar om å jobbe meir ute. Eg håpar me over tid vil få meir aktiv teneste, slik at vi kan tilby innbyggjarane betre service når ting skjer. Men i dag er dei aller fleste nøgde med å ha eit lensmannskontor i sin kommune, så det er veldig krevjande å overbevise folk om at det skal bli betre. Det er eg den første til å innrømme, seier Johannessen.