Vestland: I ei pressemelding onsdag opplyser Vest politidistrikt at dei etter ei intern gransking har avdekka fleire tilfelle av seksuell trakassering og ukultur blant leiarar.
– Vårt største problem er at for få tør å seia ifrå når de blir utsatt for negative opplevingar. Dette skal me endra, sier politimester Kaare Songstad i pressemeldinga.
Følgjer opp enkeltsaker
Granskinga vart utløyst av fleire medieoppslag vinteren 2020, som igjen stamma frå funn gjort av to forskarar.
Totalt er 62 personer intervjua i politidistriktet sidan undersøkinga starta i april.
– Dei aller fleste som vart intervjua har ikkje opplevd seksuell trakassering, men rapporten slår fast at me har utfordringar i Vest politidistrikt. Me har fått informasjon om enkeltsaker som no blir følgde opp, sier Songstad.
– Nulltoleranse
Enkeltsakene han siktar til involverer åtte menn, og av dei har sju leiarposisjonar.
I årets medarbeidarundersøking i politidistriktet svarte 1,6 prosent av dei tilsette at dei har vore utsette for uønska seksuell merksemd dei siste 12 månadane. Av desse sa 4 av 5 at dei ikkje har sagt ifrå.
– Det skal ikkje vera tvil om at eg meinar alvor når eg seier det er nulltoleranse for seksuell trakassering i Vest politidistrikt. Difor vel eg å gå ope ut med funna som er komne fram, sier politimeistaren.