PÅ OPPDRAG: Politiet måtte hanskast med ein truande mann i Sogndal natt til søndag.
PÅ OPPDRAG: Politiet måtte hanskast med ein truande mann i Sogndal natt til søndag. (Arkiv)

Politinatta: Mann oppførte seg truande i Sogndal

Måtte sitta natta over i arresten.

Indre Sogn: Ein mann i slutten av 30-åra vart i fire-tida i natt teken hand om av politiet etter å ha oppført seg truande i Sogndal.

Då politiet kom på staden trua mannen óg politiet, og vart sette i arresten.

Tidlegare på natta hadde ein polsk turbuss full av thailandske turistar fått problem på fylkesveg 50 i Aurland. Bussen hadde ikkje kjettingar, mangla mønster på fleire dekk, og vart ståande bom fast.

Turistane vart frakta i taxi til Geilo, medan bussen vart henta av bilbergar og transportert til Lærdal med køyreforbod. Politiet opprettar sak.

Til toppen