FYLL OG BRÅK: Bortsett frå Sogndal og Aurland, vart det ei roleg natt for politiet.
FYLL OG BRÅK: Bortsett frå Sogndal og Aurland, vart det ei roleg natt for politiet. (Foto: arkiv)

Politinatta: Rusa tenåring måtte i arresten etter bråk

Fyll og spetakkel i Sogn i natt: slik var politinatta.

Sogn: Det vart ein fuktig kveld og natt for mange, spesielt i Sogndal der politiet fekk mest å hanskast med. 

Klokka ti vart ein rusa mann vart funnen sovande i sentrum og køyrt heim av politiet. Om det var èin brannsupportar som feira det eine poenget, eller ein sogndalsupportar som sørga over tapte to, det seier historia ingenting om.  

Sidan gjekk det slag i slag. Rundt midnatt, framleis i Sogndal, traff politiet på ein overstadig rusa mann i tjueåra, som òg vart skyssa heim av politiet. Rundt kvarteret seinare vart det same prosedyre, då nok ein mann i tjuåra vart køyrt heim på grunn av overstadig rus.

Rundt halv eitt vart det litt betre balanse i kjønnsrekneskapet, då ei overstadig rusa kvinne i 30-åra vart teken hand om av politiet og køyrt heim.

I Aurland var det heller ikkje fritt for bråk. Ein rusa mann i slutten av tenåra vart sett i arreisten etter bråk på privat adresse.

Til toppen