POLITINATTA: Naudetatane rykte ut til ei skuterulukke i Aurland
POLITINATTA: Naudetatane rykte ut til ei skuterulukke i Aurland (Foto: Arkiv)

Politinatta: Skuterulykke og brann i dumper

Slik var politnatta i Sogn.

Sogn: Fredag klokka 22.00 fekk politiet melding om ei skuterulykke i nærleiken av Østerbø fjellstove og Aurlandsvatnet. 

Politiet skriv på Twitter at det er pesonskade på ein person. Det blei opplyst om blod frå munn og nase, men at personen var vaken. Hendingsforløpet er ukjent.

Då naudetatane kom til staden blei to personar sendt til sjukehus, i bevisst forstand.

Laurdag klokka 06.59 blei det meldt om brann i ein dumper på eit industriområde på Nessane, skriv politet på Twitter. Dumperen står inne på eit anleggsområde, og det er ikkje fare for spreiing til bygg, andre gjenstandar eller terreng. Det kjem flammar og røyk frå dumperen.

Til toppen