OVERGREP: Vest politidistrikt har registrert ein auke på 73 prosent i melde overgrepssaker mot barn gjennom to år, går det fram av ein rapport.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes (Illustrasjon).
OVERGREP: Vest politidistrikt har registrert ein auke på 73 prosent i melde overgrepssaker mot barn gjennom to år, går det fram av ein rapport.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes (Illustrasjon).

Politirapport: Kraftig auke i politimeldte overgrep i vest

Vest politidistrikt har registrert ein auke på 73 prosent i melde overgrepssaker mot barn gjennom to år, går det fram av ein rapport.

Fylket: – Det er ikkje mogleg ut frå tala å seie om det er ein reelle auke eller om fleire har valt å melde lovbrota til politiet, uttaler politiet ifølgje Bergens Tidende.

I fjor vart det registrert 173 valdtektssaker i politidistriktet. Det er meir enn 20 saker fleire enn året før. Elleve av valdtektsoffera var menn.

Når det gjeld tal på registrerte seksuallovbrot totalt, har politiet i regionen sett ein auke på 60 prosent samanlikna med tal for 2014. Satsinga til politiet på overgrep mot barn – som Dark Room-etterforskinga – er med på å forklare noko av den markante endringa.

– Ein reknar med at auka fokus på seksuallovbrot mot barn blant anna gjennom media og OP Dark Room, gjer at fleire står fram og melder slike lovbrot og at den auka innsatsen frå politiet kan virke førebyggjande overfor potensielle lovbrytarar, heiter det i rapporten.

Dark Room-prosjektet starta i januar i fjor. Meir enn 50 menn har førebels status som sikta eller dømde i saka.

Det er framleis ein kraftig auke i talet på saker som gjeld seksuelle overgrep mot barn.

– For desse gruppene vart det registrert 201 saker i 2016 mot 155 i 2015, ein auke på 30 prosent. Samanliknar ein med talet for 2014 (116 saker), har det dei siste to åra vore ein auke på cirka 73 prosent, går det vidare fram av rapporten.

(©NPK)

Til toppen