Aurland/Årdal: Politimeister Kaare Songstad føreslo tysdag å leggje ned ei rekkje lensmannskontor på Vestlandet, blant dei kontora i Årdal, Aurland og Luster. Her i Sogn var det spesielt eitt ord som låg fremst på tunga til ordførarane som tok imot nyhenda i dag.
– Eg er skuffa og meiner det er ei feil tilråding frå politimeistaren si side, seier Noralv Distad, ordførar i Aurland.
– Eg er skikkeleg skuffa. Det er trist for årdalssamfunnet at lensmannskontoret blir lagt ned, for det er ein institusjon i bygda. Me har argumentert godt i saka, slik eg ser det, men ikkje fått gehør, seier Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal.
Les også: Politimeisteren går for lensmannskontor i Lærdal
Saka skal no til politidirektøren for endeleg avgjerd rett over nyttår. Etter dèt får kommunane frist til 1. mars til å klage, men då først og fremst på eventuelle feil i sakshandsaminga.
Noralv Distad i Aurland har ikkje gitt opp håpet om at det er mogleg å påvirke utfallet til siste slutt.
– Me har på ingen måte tenkt å gje opp denne saka. Om det blir naudsynt, så vil me nytte oss av klageretten, seier han.
– Saka skal no vidare til politidirektøren. Me får sjå etter nyttår kva me gjer, seier ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal.