ARGUMENTERTE: Kristen Olav Grøttebø (Ap) hadde saman med ordførar Jan Geir Solheim (Sp) funne ei lang rekkje argument for å leggja lensmannskontoret for Årdal, Lærdal og Aurland til Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun
ARGUMENTERTE: Kristen Olav Grøttebø (Ap) hadde saman med ordførar Jan Geir Solheim (Sp) funne ei lang rekkje argument for å leggja lensmannskontoret for Årdal, Lærdal og Aurland til Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Politireformen: – Me blir skvisa ut av naboane

Lærdal føler seg skvisa av naboane ettersom Årdal og Aurland har gått i ein slags allianse om lensmannskontor i kvar av sine kommunar.

Årdal/Aurland/Lærdal: – Både regionlensmannen og politimeisteren i vest har sagt lensmannskontoret skal liggja i Årdal eller Lærdal og at det skal vera berre eitt kontor for dei tre kommunane. No har Aurland kome på bana og støttar Årdal, sa Kristen Olav Grøttebø (Ap) til kommunestyret i Lærdal.

Dei skulle vedta ein uttale til politireform. Kristen Olav Grøttebø, som sjølv har vore lensmann i Årdal, hadde jobba med uttalen saman med ordførar Jan Geir Solheim

– Lærdal blir skvisa ut av naboane. Dette har gått fort, men me har gjort ein grundig jobb. Utifrå intensjonane og målet har me ikkje problem med å forstå at det skal vera ein tenestestad inst i sogn. Målet er eit sterkt fagmiljø ved å samla kontoret på ein plass, sa Grøttebø.

Lista opp ei rekkje argument for Lærdal

Deretter refererte han ei rekkje punkt frå uttalen som argumenterte for at lensmannskontoret skal liggja i Lærdal:

  • At ein ikkje kan venta at eit område med 9500 innbyggjarar skal ha to tenestestader når ein del områder med 30 000 innbyggjarar mistar sitt konto.
  • At Lærdal er samferdslekommunen framfor nokon - på 45 minuttar rekk ein over heile området dei tre kommunane består av.
  • At Sogndal ligg an til å bli den sentrale tenesteeininga for lensmannskontora i Sogn, og at ein frå Lærdal når Sogndal på 30 minuttar. Dette framheva Grøttebø som særskild viktig ved eit skarpt oppdrag.

I samband med dette har det vorte diskutert om det skal vera éi driftseining over dei tre tenesteeiningane i fylket, eller om driftseininga skal tredelast mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Fredag gjekk Fylkesutvalet mot fylkesrådmannen sitt framlegg på dette punktet og bestemte at det skal bli ei driftseining 

  • At brann, politi og helse står overfor nye utfordringar, i samband med dette framheva Grøttebø at det er viktig at lensmannskontoret ligg nær sjukehuset.
  • At det vil letta samarbeidet med Vegvesenet og gje økonomisk vinst med eit lensmannskontor i Lærdal når trafikkstasjonen ligg på Håbakken. Også  Vegtrafikksentralen i Lærdal nemnde Grøttebø som eit poeng. Vidare nemnde han at førebyggjande arbeid gjennomsyrer heile reformen.
  • At nærleik til fjellovergangar er eit poeng, og fjellovergangane på hovudvegane til Hemsedal og Vang går frå og til Lærdal.
  • At det er ein fordel med lensmannskontor i Lærdal i høver Forsvaret sitt anlegg i Tynjadalen
  • I høve turistar nemnde Grøttebø at turistar i det store og heile er lovlydige, og at det er dei generere av politiarbeid er trafikkulukker og når dei går seg ville i fjellet. Ein cruisehamn oppfatta ikkje han som noko som gir meir kriminalitet.

Grøttebø hausta applaus for sitt arbeid med uttalen frå kommunestyresalen. Ordførar Jan Geir Solheim meinte uttalen er sterk

– Den byggjer på våre fortrinn, ikkje andre sine mindre gunstige tilhøve.

– Flest innbyggjarar og byliknande utfordringar når det gjeld kriminalitet 

Kommunestyret i Årdal heldt møte samstundes og der vart argument for å leggja lensmannskontor til både Årdal og Aurland framførde:

– Arbeidarpartiet meiner, som det kjem fram av uttalen, at ein må ha kontor i Årdal og Aurland. Det kjem godt fram at avstandande er store med ein time mellom tettstadene, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). 

Ho meinte innbyggjartal og kriminalstatistikk talar for lensmannskontor i Årdal:

– Me treng eit tilgjengeleg politi med god lokal forankring i lokalsamfunna, og som kan løyse oppgåver og rekruttere. Årdal er den kommunen med flest innbyggjarar. Ser ein på kriminalstatistikk, har Årdal byliknande utfordringar. Difor er det viktig å leggje avgjerande vekt på å oppretthalde lokalkunnskap og relasjonar.

Hilde Horpen (Sp) sa partiet hennar ikkje hadde mykje til overs for reformen, men at Årdal var eit naturleg val når ein måtte velja:

– Senterpartiet skulle sjølvsagt ønskje at alle kontora vert oppretthalde, men når ein no set dette i verk, innser me at denne tilrådinga er den beste. 
 

Til toppen