Politisk røre med mange paradoks

MEININGAR

Politisk røre med mange paradoks

Les Ole Ramshus Sælthun sin kommentar til at kommunestyret i Lærdal har utsett saka om å finne ei driftsløysing for villakssenteret, kunstsenteret, kafeen og turistinformasjonen. 

  • Endret

Kommunestyret i Lærdal vedtok 19.mars med 9 mot 7 stemmer å utsetja saka om driftsløysing for villakssenteret, kunstsenteret, Laksen og turistinformasjonen. Slik denne saka har utvikla seg, er det nokre paradoks eg meiner kan vera verdt å nemna før saka skal opp att i formannskapet 23.april.

Paradoks 1: Utgangspunktet var at kommunen utlyste ein anbodskonkurranse om drifta av dei to sentra, kafeen og turistinformasjonen. Ein kunne lesa i media at problemet lenge var å finna interessentar som ville ta på seg drifta.

På tampen dukkar det likevel opp interessentar. Ikkje berre ein, men to – etablerte Lærdal Guiding AS og eit selskap som tre lærdøler i tjueåra seier seg villige til å starta opp for å ta drifta. To interessentar høyrest ut som manna frå himmelen, men blir til slutt eit problem i seg sjølv – av ein eller annan grunn utsett kommunestyret 19.mars heile saka i staden for å gå for ein drivar. Det skjer under to månader før sentra skal opnast og trass i at både interessentar og formannskapsrepresentantar har understreka at tida er ein særs knapp faktor.

Sjølv om bakteppet var djupt tragisk, vart altså Lærdal verkeleg sett på kartet gjennom riksmedia – alt ein gjorde i Lærdal vart plutseleg spennande.

Paradoks 2: For lærdalssamfunnet var det herrens år 2014 som lærdalsnaturen – djupe dalar med katastrofebrann og storflaum, høge toppar i form av landets mest ettertrakta lakseelv og marknadsføring i veldig-mange-millionarklassen. Sjølv om bakteppet var djupt tragisk, vart altså Lærdal verkeleg sett på kartet med seriar og innslag i landets to største TV-kanalar, mange og store reportasjar i dei store avisene – alt ein gjorde i Lærdal vart plutseleg spennande. Om det var ordføraren som ville flytta vêrmålinga frå Øyri til Ljøsne for å bli tørrast og varmast i landet eller grøntbøndene som klarde å dyrka aprikos – det hamna på TV i beste sendetid.

Samstundes er Lærdalselvi i flyten som aldri før. Etter nesten 20 år med gyrokamp, tidvis stenging av elva og fiske hovudsakleg for å slå i hel gyroinfisert laks dei sesongane det har vore ope, ser alt så fantastisk mykje betre ut. Gyroen er kanskje vekke, laksen hoppar, store flak med fisk kjem oppover elva, fiskarane kosar seg glugg med fisk dei køyrer i land, kyssar på hovudet og slepp ut att. Fleire lagar flotte filmar og legg ut på You Tube, andre fiskarar ser filmane og ringjer gråtkvelte til elveeigarane med bøn om å finna ein dag eller to dei kan få fiska i dronningelva.

Likevel er det i år, med eit slikt utgangspunkt, at opninga av senteret står i fare for å renna ut i ei politisk røre.

Slik har ein gått inn i 2015 – ”alle” interesserer seg for Lærdal generelt og laksefisket spesielt. Eit slikt utgangspunkt for villakssenteret og tilhøyrande element har ein ikkje hatt sidan kongen klypte snora i 1996. Villakssenteret har vore ope kvar sesong gjennom dei vanskelege åra. Likevel er det i år, med eit slikt utgangspunkt, at opninga av senteret står i fare for å renna ut i ei politisk røre.

Paradoks 3 og 4: Tilbake til kjernen i dette ”undringsnotatet”. Med nemnde bakteppe: kvifor i himmelens namn og rike utsette kommunestyret saka om å finna ei driftsløysing og setja alt på spel? Ein blir ikkje veldig mykje klokare av å lesa sakspapir og det som er sagt i media. Ut ad står det fram som ei salig røre der ein ikkje evnar å ta dei påkravde avgjerslene. Skal drifta setjast heilt ut til eit privat selskap, eller skal kommunen framleis ha ei hand på rattet? I det siste tilfellet; korleis skal ein fordela den økonomiske byrden/vinsten? Dersom ein klarar å bestemma seg for korleis dette skal driftast i 2015-sesongen; er denne løysinga aktuell å vidareføra komande sesongar? Så blir røra ispedd nokre gode konspirasjonsteoriar.

Politikarar skuldar på administrasjonen for å ta avgjersler i lukka rom så dei sjølve blir ekskluderte frå deler av prosessen. Administrasjonen seier at alt har gått vel føre seg i saksførebuinga og at det ikkje har skjedd noko i lukka rom – vurderingane dei har gjort spring ut frå premissane i anbodskonkurransen. Uttalingane i media tyder på at representantar frå nokre parti er skeptiske til dei politiske bindingane som finst i dei to selskapa som har meldt si interesse, og går inn i sitt eige lukka rom – gruppemøte. Med det resultat at heile saka blir utsett.

Ein kan seia mykje om dette. Om det blir kloke ord er ei anna sak – det verkar veldig vanskeleg å forstå kva dragningar og vurderingar som eigentleg ligg i botnen. Ein teori dristar eg meg likevel på – eg trur både Lærdal Guiding AS og selskapet med dei unge lærdølene ønskja ei avklaring. Eg trur begge partane sine tilbod handlar mykje om idealisme – dei ønskjer å få drift i sentra, kafeen og turistinformasjonen denne sesongen. Punktum. Difor står det fram som eit stort paradoks at initiativa deira blir ein politisk-administrativ krangel som kan kulminera med at det ikkje blir noko av noko.

 Dersom ein skal klubba ned initiativtakarar til noko fordi dei har eit politisk engasjement i tillegg, blir det frykteleg vanskeleg å få til noko som helst. 

Eg dristar meg også til eit hjartesukk som går på dei politiske bindingane i dei to selskapa. Det er altså slik at engasjerte folk gjerne engasjerer seg på fleire arenaer. I små lokalsamfunn som Lærdal finst ikkje desse i overflod. Dersom ein skal klubba ned initiativtakarar til noko fordi dei har eit politisk engasjement i tillegg, blir det frykteleg vanskeleg å få til noko som helst. Samstundes kveler ein det engasjementet som finst. Det blir det verkeleg store paradokset i saka; sjølve mantraet for omstillingskommunen Lærdal (og for så omstillingslandet Noreg) er å stimulera til entreprenørskap og gründerverksemd. Skal ein ikkje kunne koma med slike initiativ som dei to selskapa har gjort fordi ein også er politisk aktiv, er ikkje mantraet mykje verdt.

Det skal understrekast ettertrykkjeleg at underteikna på ingen måte meiner kommunestyret skal forfordela eigne representantar. Poenget er at dei heller ikkje bør bli klubba ned på grunn av politisk engasjement.

Uavhengig av korleis ein vrir og vender på det har nokon gått seg ville i vandringa mellom dei nemnde romma – om det er i saksførebuinga eller vedtaksprosessen skal ikkje underteikna ta stilling til. Uansett kven og korleis blir utgangen at ein er i ferd med å somla vekk moglegheita for å få drift i dei to sentra, Laksen og turistinformasjonen i ein sesong med betre utgangspunkt enn nokon gong. Og det er synd. Veldig synd.

Til toppen