SAKNA: Ein mann vart meldt sakna måndag etter han ikkje kom att etter fjelltur, måndag kveld vart funne død på Vindreken. No er han henta ned frå fjellet.
SAKNA: Ein mann vart meldt sakna måndag etter han ikkje kom att etter fjelltur, måndag kveld vart funne død på Vindreken. No er han henta ned frå fjellet. (Foto: NRK)

Den sakna mannen i Balestrand er bekrefta død

Tidlig måndag vart ein mann i 40-åra meldt sakna. Etter klokka 19 melde politiet at manne var henta ned frå fjellet.

Balestrand: Måndag morgon starta politiet ein leiteaksjon etter ein mann i 40-åra som vart meldt sakna då han ikkje kom heim etter ein fjelltur sundag

Etter klokka 16 måndag ettermiddag observerte eit redningshelikopter ein tilsynelatande livlaus person i ei fjellside på Vindreken i Balestrand.

Klokka 19:20 bekrefta politiet at det var den sakna mannen, og at han var død. Mannen vart henta ut av fjellet. 

– Redningshelikopteret har gjort observasjon av ein person som ligg i veldig bratt terreng i ei fjellside på Vindreken. Det er ikkje mogleg for dei å fly inntil, sa Dag Olav Sætre, operasjonsleiar ved politiets operasjonssentral i 16:30 tida. 

Klatrarar frå alpin redningsgruppe i Sogndal vart rekvirert til staden for å prøva å ta seg ned til vedkommande. Ifølgje politiet er terrenget svært uframkommeleg.

Klokka 16:39 skreiv NRK at politiet har varsla dei pårørande til den sakna mannen om funnet. 

Til toppen