UTRYKKING: Politiet har sundag kveld vore på utrykking i Øvre Årdal.
UTRYKKING: Politiet har sundag kveld vore på utrykking i Øvre Årdal. (Foto: Tipsar/Arkiv)

Væpna aksjon i Årdal etter kulehol i bustad: – Har kontroll på mistenkt

– Ingen er skada fysisk, og det er ikkje fare for andre, seier politiet.

Øvre Årdal: Politiet har sundag kveld vore på utrykking i Øvre Årdal. Klokka 18.16 fekk dei melding om at ein person hadde oppdaga kulehol i eit bustadhus. 

– Der har me jobba med saka og lokalisert ein mistenkt. Han har me kontroll på. Ingen er skada fysisk, og det er ikkje fare for andre. Me er sikre på at det ikkje er fleire involvert, seier Eivind Hellesund ved operasjonssentralen. 

Han kan ikkje seie noko meir om bakgrunnen for hendinga. Det er inga relasjon mellom gjerningsmannen og fornærma, ifølgje politiet.

Politiet gjennomførte avhøyr på staden. 

Det er ikkje sikkert kva våpen som er brukt. 

– Me har funne nokre våpen i bustaden til mistenkte, og så vil etterforskinga sjå om det er nokon av dei som er blitt brukt, seier operasjonsleiaren til NRK

Til toppen