SJARMERT: Frank Kristoffersen, 51, vart imponert over kor hyggelege Årdølene var og vil gjerne komma igjen neste år.
SJARMERT: Frank Kristoffersen, 51, vart imponert over kor hyggelege Årdølene var og vil gjerne komma igjen neste år. (Foto: Sunniva Knutsen)

Pølseseljaren Frank (51) kom til Årdal av rein tilfeldigheit, men dét er han glad for

Pølseseljaren frå Hadeland vart send til Årdal på oppdrag då kollegaen vart sjuk. Han vart hyggjeleg overraska då han kom fram.

Årdal: Du såg kanskje Frank og pølsebilen hans på torget tidlegare denna veka? Frå måndag til onsdag var han nemleg å finna på torga i Årdal, på Tangen som i Øvre. 

Frank Kristoffersen, 51, har jobba på pølsebil i eitt år, men har sidan 2000 jobba med spekemat. Med jobben reiser landet rundt, men det var berre ein tilfeldigheit som gjorde til at han endte opp i Årdal denne veka: 

Frank Kristoffersen
NØGD MED SALET: Frank Kristoffersen var nøgd med salet han gjorde i Årdal. Hjort,- og elgpølse var favorittane blant årdølene. Foto: Sunniva Knutsen

Seljaren som brukar å selje pølser her i bygda, Kjell, vart sjuk og kunne ikkje reisa. Då vart Kristoffersen sendt i hans stad, noko han sjølv er glad for. 

– Eg synes det har vore kjempekoseleg å vera her. Folk har vore så trivelege. Eg har blitt kjend med folk allereie, seier Kristoffersen med eit smil. 

Ønskjer koma tilbake neste år

– Det kom ein kar bort til meg og sa: eg håpar DU kjem tilbake, neste år. Det var veldig kjekt å høyra. 

Vidare fortel han at han har budd på Lærdal camping, kor han trivdes svært godt.

– Det var veldig god mat der, og folka var òg veldig hyggjelege. Og så er det jo så flott natur her, skundar han seg å legga til. 

– Eg håpar verkeleg eg får komma tilbake. Eg har sagt til sjefen at eg har hatt det veldig fint her, så eg håpar han sender meg tilbake neste år.

Laga liv på torget

På tysdag var Frank og pølsebilen å sjå på torget på Årdalstangen. Denne dagen var det dog ikkje berre pølser å få kjøpa der, men òg blomar og fisk. 

– I går stod eg nede på Årdalstangen. Då eg heldt på å setja opp boda, kom det ein seljar til som skulle selja blomar. Så kom fiskebilen òg, seier ein smørblid Kristoffersen.

– Det var veldig kjekt! Det er alltid kjekt når me er fleire samla. Det lagar jo litt liv. 

Dét gjorde det, og det gjekk ikkje ubemerka. Kristoffersen fekk nemleg god respons frå tilsette hjå Årdal kommune, som synast at det var kjekt å sjå seljarar på torget.

– Eg fekk melding av kommunen at det var artig at det var liv på torget. For det er kanskje sjeldan at det er liv på torga lenger. 

Kjøpte han tom for hjort og elg

Når han får spørsmål om kva favorittane til årdølene har vore, kjem svaret fort:

– Hjortepølser og elgepølser frå Hadeland. Dei har eg nestan gått heilt tom for! Eg tok med to store kassar av kvar sort, sidan dei var heilt nye, og eg har berre nokre få att, seier han.

Til toppen