MANGLA DET MESTE: Den polske føraren får litt av kvart å svara for etter kontrollen på Håbakken natt til torsdag.
MANGLA DET MESTE: Den polske føraren får litt av kvart å svara for etter kontrollen på Håbakken natt til torsdag. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Polsk førar prøvde å sleppa unna kontroll – vegvesenet skjønte fort kvifor

Kontrollen avslørte at han mangla det meste av gyldige papir, mellom anna førarrett for lastebil.

Lærdal: Under ein kontroll på Håbakken i Lærdal onsdag kveld og natt til i dag måtte vegvesenet henta inn ein polsk lastebil som ikkje hadde stoppa for signal.

Føraren vart teken med tilbake til Håbakken for vidare kontroll. Det viste seg då at føraren verken hadde gyldig førarrett for lastebil, gyldig yrkessjåførkompetanse, eller gyldig sjåførkort i fartsskrivaren.

Med så mange regelbrot vart det bestemt at føraren ikkje fekk køyra vidare. Han blir i staden meld til politiet.

Køyretøyet var lasta med gods som skulle til bergensområdet.

Til toppen