STAKK AV: Ein polsk sjåfør vart meld til politiet etter at han stakk av frå ein kontroll på Håbakken. Foto: Ina Eirin Eliassen.
STAKK AV: Ein polsk sjåfør vart meld til politiet etter at han stakk av frå ein kontroll på Håbakken. Foto: Ina Eirin Eliassen. (Foto: Arkiv)

Polsk sjåfør vart meld då han stakk av frå kontroll

Det viste seg at det var fleire ting sjåføren ikkje hadde på stell.

Håbakken: Føraren av ein polsk varebil med tilhengar vart meld til politiet då han stakk av frå ein kontroll på Håbakken onsdag.

Sjåføren hadde brote køyre- og kviletida, mangla fartsskrivar, køyrte transport utan å ha fellesskapsløyve og dreiv med ulovleg kabotasje i Noreg.

Elles i kontrollen var det heile elleve som fekk bruksforbod for alt frå luftlekkasje på bremser og manglande og vinterdekk til overlast og dårleg lastsikring.

Til toppen