STREIK: Dei tilsette på Vinmonopolet vil ha innverknad over tenestepensjonen, men leiinga seier nei. Det kan bety streik og stengde pol. Dei tilsette seier dei planlegg tørrlegging av Noreg.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
STREIK: Dei tilsette på Vinmonopolet vil ha innverknad over tenestepensjonen, men leiinga seier nei. Det kan bety streik og stengde pol. Dei tilsette seier dei planlegg tørrlegging av Noreg.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Poltilsette planlegg å tørrleggje Noreg

Dei tilsette på Vinmonopolet vil ha innverknad over tenestepensjonen, men leiinga seier nei. Det kan bety streik og stengde pol. Dei tilsette seier dei planlegg tørrlegging av Noreg.

Årdal/Sogndal: Noreg kan oppleve sin første polstreik på 30 år. Årsaka er at Vinmonopolet avviser kravet frå LO-forbundet Handel og Kontor om innverknad over pensjonsordninga for dei tilsette.

– Ikkje eitt pol kjem til å halde ope. No planlegg vi korleis vi skal tørrleggje Noreg på ein best mogleg måte, seier Christopher Beckham, HKs forhandlingsleiar i dette tariffoppgjeret, til Fri Fagbevegelse.

Det betyr at sjansen er stor for at alle dei rundt 320 polutsala vil bli stengde frå midten av september.

Natt til laurdag 17. september blir det klart om dei tilsette i Vinmonopolet legg ned arbeidet. Då skal meklinga mellom HK og LO Stat på den eine sida og arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter på den andre, vere ferdig. Partane klarte ikkje å bli einige om ein ny, toårig tariffavtale då dei forhandla før sommarferien. No er det altså opp til Riksmeklaren å finne ei løysing.

Handel og Kontors hovudkrav er å få på plass ein tekst i avtalen som sikrar at dei tilsette får innverknad over tenestepensjonen dersom den blir endra. Arbeidsgjevarane seier det er heilt uaktuelt å innfri kravet. (©NPK)

Til toppen