POP: Tidlegare Idol-deltakar Sandra Lyng kjem til Lærdal i sommar for å syngje på årets Jordeplerock-festival. Foto: Baard Lunde
POP: Tidlegare Idol-deltakar Sandra Lyng kjem til Lærdal i sommar for å syngje på årets Jordeplerock-festival. Foto: Baard Lunde

Pop-idolet Sandra Lyng kjem til Jordeplerock

Festivaldeltakarar kan gleda seg til å danse sommarnatta vekk til hits som "Night after night" og "Play my drum" når årets Jordeplerock brakar laus.  

Sandra Lyng er den andre artisten som søndag vart avslørt til å opptre under årets Jordeplerock i Lærdal.

- Alle hugsar at ho var med på Idol, så alle under 30 år har eit forhold til ho, seier Maritha Skjerdal som er ein av Jordeplerock sine arrangørar. 

Førre veke var det klart at trønderane i DDE skal skape liv under årets Jordeplerock.

Les også: Jordeplerock har landa storfisk

- Veldig up-and-coming

Arrangørane har i fleire år prioritert å skaffe artistar for alle målgrupper. Det leverer dei også i år.

- Vi ønskjer å tilby musikk for alle. Sandra Lyng trekkjer den yngre generasjonen, medan alle har eit forhold til DDE, seier Skjerdal.

Dei vurderte å hyre inn Lyng til å opptre under fjorårets Jordeplerock.

- Vi såg at ho var up-and-coming og har følgt tett med ho det siste året. På eit tidleg tidpunkt i planleggingsfasen bestemte vi at vi ville ha ho til Jordeoplerock 2016, seier Skjerdal.

Sandra Lyng hadde ifølge arrangørane veldig lyst å ta turen til Indre Sogn og stilte gladleg opp då e-posten tikka inn.

- Det var ikkje akkurat noko kamp om å få ho hit, men vi er svært stolte av å ha ho på plakaten, seier Skjerdal.

NY ARTIST: Sandra Lyng skal saman med DDE skape liv under årets Jordeplerock. Foto: Baard Lunde

Same lyd- og lysfolk som Justin Bieber

I år er det fjerde året Jordeplerock vert arrangert. Festivalen har det siste året eksplodert i talet på besøkjande. I fjor var totalt 1800 menneske innom festivalen.

Les også: Rekordgode tal for Jordeplerock

- Etter at vi fekk store namn som Hellbillies å syna til, har det blitt lettare å få andre artiststjerner til å kome, seier Skjerdal.

Ho peikar også på lyd- og lysselskapet Bright Group som ein av grunnane til at artistane ønskjer å opptre på festivalen.

- Eg las på VG at det var Bright Group som stod for lys og lyd då Justin Bieber hadde konsert i Norge. Artistane som vi no er i kontakt med har god kjennskap til selskapet og stolar på at dei gjer ein bra jobb, seier Skjerdal.

Arrangørane har blitt mykje meir beviste på kva artistar dei spør etter å ha hausta erfaringar i snart fire år.

To artistar til

Jordeplerock jobbar framleis med å få alle endane til å møtast når det gjeld kva for artistar som skal opptre i sommar.

- Vi har to artistar til som er klare. Dei vert avslørt samstundes som vi opnar for billettane dei kommande to vekene, seier Skjerdal.

Det er framleis usikkert kor mange billettar som vert lagt ut. Etter fjorårets braksukess har arrangørane måtte tenkja meir på sikkerheit og kapasitet.

- Vi opplevde ein stor vekst i fjor. Difor må vi tenkje annleis i år når det gjeld billettar, seier Skjerdal.

- Folk må melda interesse

Festivalen vert arrangert på same stad som i fjor - ved Lerum-bygget i sentrum av Lærdal.

- Akkurat no driv eg å ser på moglegheiter for overnatting for artistane og publikum. Eg prøver til dømes å få sett opp buss til dei ulike bygdene. Men folk må melda si interesse. Det er vanskeleg for oss å veta kva folk ønskjer, seier Skjerdal.

I sentrum er det kort veg til dei fleste overnattingsstadene, som hotell og camping. Vi er fullt klar over at vi ikkje er nokon vêrgudar, så akkurat det elementet kan øydelegge for oss, seier Skjerdal.

Konserten vert arrangert helga 24-26 juni.

Til toppen