KJENNINGSMELODI: Eva Weel Skram og mannen hennar Thomas Stenersen har laga kjenningsmelodien til NRK Super sin julekalender som startar 1. desember. Foto: Stine Raastad. 
KJENNINGSMELODI: Eva Weel Skram og mannen hennar Thomas Stenersen har laga kjenningsmelodien til NRK Super sin julekalender som startar 1. desember. Foto: Stine Raastad. 

Popdronninga kjem til Målrock

Eva Weel Skram skal spela i Meieriparken i sommar.

Årdal: Frå før er det kjent at  Åge Aleksandersen og Sambandet og Gåte blir å sjå på neste års utgåve av Målrock. 

Ifølgje ei pressemelding frå Målrock har to nye artistar no blitt stadfesta: Eva Weel Skram og hiphoparane Dårlig Vane frå Bergen. Det skriv Sogn Avis.

– To fulle hus i operaen og utselde konsertar over heile landet viser at Eva er meir populær enn nokon gong. Gjer dykk klare til høg gåsehudfaktor, heiter det frå festivalen seier festivalsjef Thomas Nordheim Moen i pressemeldinga.

Dårleg Vane vann årets Urørt i 2017 med låten Gikk i bakken.

Til toppen