Kaupanger: – Vi skal gjera Norge endå meir sukkerfritt, heiter det i ei pressemelding frå familiebedrifta frå Sogndal.
Brusen skal ifølgje administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug, ha blitt til etter ein idédugnad. Familien Lerum samla alle generasjonar til idémyldring, og resultatet blei brus i friske og fine fargar. Hjellhaug stilte eitt vilkår: Den skal vera sukkerfri.
Den sukkerfrie safta ZERoh! blei lansert i 2013 og er ein av Lerum sine største suksessar. I 2019 omsatte ZERoh! for 144 millioner kroner, og den sukkerfrie saftisen som blei lansert i fjor, selte ein million einingar og blei kåra til Årets Innovasjon 2019.
Produserer brusen sjølv
Familiebedrifta har konstruert sin eigen brusmaskin for å produsera Sparkling ZERoh!. Lerum sin eigen Reodor Felgen, Kurt Lerum, hadde som mål å laga diskrete og behagelege bobler.
– Det var viktig for oss å ikkje ha sånne som skrapar opp halsen. Det har eg ikkje sansen for, sier Lerum, familiens 4. generasjons teknikar.
– Me veit at me framleis drikk rekordmykje sukkerfri brus her i landet. Det er eit område kor me i Lerum kan bidra. Me er jo kjent for dei gode og naturlege smakane i saft og syltetøy, fortel direktøren.