Populære norske ordbøker i fare

Populære norske ordbøker i fare

Bokmålsordboka og Nynorskordboka er dei mest populære norske ordbøkene på nett. No er det uklart kva som skjer med dei. I verste fall kan dei bli lagt ned. 

  • Endret

Språkrådet slår alarm om at dei norske ordbøkene, med 134.000 daglege søk, står i fare for å forsvinne. Dei to leksikografane som jobbar med nettutgåvene går snart av med pensjon. Den eine er 68 år gammal, og den andre blir 67 år i mai, skriv Klassekampen.

Språkrådet eig dei to ordbøkene saman med Universitetet i Oslo. Universitetet har vedteke å ikkje tilsetje fleire leksikografar i åra framover, og Språkrådet er urolege for konsekvensane.

– Universitetet må ikkje avslutte dette arbeidet før det har funne ei varig, alternativ løysing. Me har også beklaga at Universitetet ikkje ser det som si oppgåve å drive eit ordboksarbeid som er basert i deira språkvitskapelege arbeid, seier Daniel Gusfre Ims, seksjonssjef i Språkrådet.

Språkrådet har sjølv sagt seg villige til å overta ansvaret for ordbøkene, men har ikkje utan vidare råd til dette i dag.

– Då må vi få overført ressursar. Men det vil vere ei trygg løysing for oss, for då veit me at dei vil bli prioriterte, seier han.

Universitetet i Oslo har foreslått at Nasjonalbiblioteket kan overta språksamlingane frå Universitetet og eit forlag kan ta seg av ordbøkene, men fagmiljøet er skeptisk til å skilje desse funksjonane. 

(©NTB)

Til toppen