STYRKE: Leiar for Sogn Opplæringskontor, Anne Kauppi, meiner det er ein klar fordel å sende tilsette på kurs. Foto: Arkiv. 
STYRKE: Leiar for Sogn Opplæringskontor, Anne Kauppi, meiner det er ein klar fordel å sende tilsette på kurs. Foto: Arkiv.  (Foto: Arkiv)

Populært kurs i kjemiprosessfaget

Siden 2012 har Sogn Opplæringskontor hatt fleire deltakarar på Norsk Industri kurs i kjemiprosessfaget i Årdal. 

Årdal: Sogn Opplæringskontor har no hatt praksiskandidatkurs for Hydro Aluminium og Norsun sidan 2012.

– Det er bedriftene som lyser ut kurs internt i sin organinsasjon, og vel ut kven som får delta. Det har heile tida vert fleire som ynskjer å ta kurs enn det er plass til, sjølv om me har auka talet på deltakarar kvart år, seier daglig leiar for Sogn Opplæringskontor, Anne Kauppi til Norsk Industri

Det var nettstaden Norsk Industri som først omtala saka. 

Jobbar skiftarbeid

 

Alle kandidatane som tek dette kurset jobber skift. Dersom teoriundervisninga blir sett på ein dag som dei skulle vore på jobb, får dei fri med lønn. Om undervisninga kjem på ein dag dei skulle hatt fri, så brukar dei fritida.

Det er samling om lag ein gong i månaden, på tysdag og onsdag. Då unngår dei problematikken rundt 12-timershelg.

Styrkar bedrifta

Kauppi trur at bedriftene har ein klar fordel av å sende tilsette på eit slikt kurs.

– Det at flest mogleg av dei tilsette har formell kompetanse i form av fagbrev, er heilt klart ein styrke for bedrifta. Dei tilsette kan meir rundt arbeidet sitt, og vert rett og slett ein bedre tilsett, seier ho.

Ho meiner også at denne måten å organisere kurs på er supert.

– Det fungerar heilt topp, og me kjem ikkje til å slutta med denne kombinasjonen. Og Norsk Industri sine kurs vert bedre og bedre, og det er enkelt for oss å spele inn forslag på endringar, forklarar Kauppi. 

Til toppen