Kyrkjebø: – Det er kjekt å få vere her og ri og å hjelpe til i stallen. Eg drøymer om å kunne trave aleine utan at nokon held i hesten etterkvart, seier Ciana Hansen Tonning (10).

Populært ridetilbod på Kyrkjebø – no treng klubben større bane
Stadig fleire born og unge ønskjer å lære å ri og å jobbe i stallen på Austreim. Klubben ønskjer difor å utvide ridebana slik at endå fleire kan få høve til å vere med på aktivitetar der.