FULL JUBEL: Det var full jubel på kontoret då beskjeden kom. Frå venstre: Synne Asheim Haga, Kristine Haglund og Ola Weel Skram.
FULL JUBEL: Det var full jubel på kontoret då beskjeden kom. Frå venstre: Synne Asheim Haga, Kristine Haglund og Ola Weel Skram. (Foto: Stian Hofslundsengen)

Porten.no får pressestøtte: – Det beste som kunne ha skjedd!

Lesarane kan sjå fram til mykje godt stoff framover.

Pressemelding: Etter mange år med hard satsing, er Porten.no endeleg sikra produksjonstilskot (pressestøtte).  

– Dette er det beste som kunne skjedd! Pressestøtta sikrar ei tryggare framtid for avisa vår. Det gjer at me stiller endå sterkare i konkurransen, seier Synne Asheim Haga, redaktør og dagleg leiar i Porten.no.  

Avisa har fått stadig fleire lesarar og abonnentar, og sidan 2016 har resultatet betra seg årleg. Men sjølv om pilene har peika oppover, har økonomien vore trang. Og det var først i 2019 at me gjekk i pluss - då med kr. 86.000. 

Så kom korona. 

– Det er inga tvil om at korona-situasjonen har kvesta økonomien hos mange, oss inkludert. No får me endeleg eit trygt rom til å satse vidare og investere endå meir i journalistikken, seier Haga. 

Dette betyr endå meir og variert innhald.  

Journalistikken ligg i botnen

Grunnlaget for veksten ligg i journalistikken vår, som ein svolten redaksjon står bak. Våre siste tilskot i redaksjonen, Kyrre Fitje og Ola Weel Skram, dreg med seg mykje god erfaring frå BT og NRK og viser tydeleg vinnarinstinkt. 

Vilde Grimelid Oppedal har vore med oss i over eit år allerede, og det ser me att i abonnementstala. Det er tydeleg at både Indre og Ytre Sogn ynskjer nyheitstilbodet velkomment. 

DIGITALKONTOR: Grunna store avstandar i Sogn, er journalistane spreidd utover fleire forskjellige kontor. Då samlast me ofte digitalt, og det var slik mange fekk den hyggelege beskjeden tysdag. Frå venstre: Kyrre Fitje, Eivind Øren (oppe), Kristine Haglund og Synne Haga, Halvor Storvik (midten), Ola Weel Skram, Henrik Lefdal (nede), Linda Watten, Vilde Grimelid Oppedal og Janne Bøyum.

Halvor Storvik har vore med i mange år, og var nøkkelpersonen i Sogndal då me utvida dekningsområdet frå Årdal og Lærdal til heile Indre Sogn. 

Ikkje minst, må me dra fram dei solide vikarane våre, som hiver seg rundt og bidreg med solid stoff. Frå Janne i Sogndal, Linda i Bergen, Henrik i Oslo og Liv på «Australia-kontoret», i tillegg til andre hjelpefulle hender. 

God journalistikk gjer utslag i abonnentar. Me nærmar oss 1300 betalande, ein vekst på 23% hittil i år. Og det aukar stadig, berre ta ein kikk på statistikken:

EIN VEG: Abonnementstala går ein veg.

Populær stillingspakke 

Sett vekk ifrå ein knekk under korona, går også salget oppover. Særleg stillingspakka er populær, som skil seg ut med synlegheit på alle viktige digitale flater i tillegg til Porten.no. 

– Me gjekk frå 80 stillingsannonser i januar, til eit snitt på åtte frå april. Dette er ein direkte konsekvens av korona, seier selgar Kristine Haglund. 

Etter ein traust sommar med ekstra stramme budsjett hos bedriftene, ser det ut til å gå oppover att. 

NO KOSAR ME OSS: Gleda blei delt med resten av kontorfellesskapet på Fus på Fosshaugane Campus. Foto: Roald Eidsheim

– I haust har det skjedd eit hopp i annonsebestillingane. Det kan verke som at bedriftene er tryggare no og tek opp att marknadsaktivitetane sine, seier Haglund.

Stor takk til lokale eigarar

Ein ting er sikkert, og det er at eigarane skal ha ein stor takk. Porten.no starta så smått allerede i 2004, etablert av Årdalsnett. Sidan då har avisa også hatt Agnitio på eigarsida, før Årdalsnett tok over att i 2014. 

– Me har hatt tålmodige eigarar som har trudd på prosjektet og støtta oss i alle desse åra. Porten.no har bygd seg opp sakte, men sikkert. Sjølv om pilene har peika oppover i mange år, har me trengt ressursar for å halde fram og komme dit at me kan stå på eigne bein. Det har me fått frå dei, seier Haga. 

– No har også Medietilsynet trua på oss, og det tek me som eit kvalitetsstempel. 

Til toppen