FELLES SAKSFELT: – Mange saksfelt vil ha interesse i begge regionar, som regionreforma med Vestland, fritt skuleval og vidaregåande skular generelt. I tillegg er Hydro hjørnesteinsbedrift både i Høyanger og Årdal, seier redaktør Synne Asheim Haga.
FELLES SAKSFELT: – Mange saksfelt vil ha interesse i begge regionar, som regionreforma med Vestland, fritt skuleval og vidaregåande skular generelt. I tillegg er Hydro hjørnesteinsbedrift både i Høyanger og Årdal, seier redaktør Synne Asheim Haga. (Foto: Arkiv)

Porten.no har utvida: Dekkjer heile Sogn med ultralokal løysing

– Dette vil skapa mediemangfold i Ytre Sogn, samt styrka Porten.no sentralt, seier redaktør Synne Asheim Haga.

Sogn: Dei som har lese Porten.no denne tysdagen, har fått opp eit kart kor dei vel leseområde. Porten.no har nemleg utvida til å dekkja både indre og ytre delar av Sogn. 

Den tekniske løysinga gjer at du som lesar, sjølv vel kva område du vil ha nyheiter frå: indre, ytre, eller kanskje begge regionar. Du kan når som helst gå i menyen og endra valet på «ditt leseområde».

– Det gjer til at folk framleis har moglegheita til å få den ultralokale lesaropplevinga dei hadde før Porten.no utvida, seier redaktøren. 

Det har vore avgjerande for nettavisa å gjera utvidinga på ein slik måte at dekninga framleis er lokal. 

– No når me har utvida, er det veldig viktig for oss at me framleis skriv saker tett på områda lesarane våre bur i, og at det dei les skal vera relevant for dei. Difor utvidar me ikkje til at alle må lesa om alt frå Gulen til Årdal, men at lesarane får velja område sjølve.

I fyrsteomgang er det to regionar å velja mellom. Vidare, når staben veks seg større, kan det bli mogleg å segmentera heilt ned på kommunenivå.  

Vera tilstades og skapa mediemangfald i Ytre Sogn 

Haga er sjølv oppvaksen i Gulen kommune. 

– Eg har sakna mediedekning tett på politikken og næringslivet i kommunen. Det er viktig at media er tilstades i dei politiske prosessane og legg til rette for debatt før saker blir vedtekne.

– Det er kritisk for innbyggjarane om det oftast blir slik at me refererer frå vedtak frå kommunestyret, i staden for å møta opp. Då mister vi debatten og mykje av moglegheita til å påverka. Geografiske avstandar er heilt klart ei stor utfordring for oss og andre redaksjonar, men me skal gjera det me kan for å vera tilstades og gje lesarane sjansen til å komma tett på. 

Dermed er ny journalist tilsett i Ytre Sogn for å dekka det som skjer der.  I fyrste omgang er det fokus på Gulen og Høyanger. 

Større stab og felles saksfelt styrkar Porten.no sentralt 

Satsinga i Ytre Sogn kjem ikkje til å svekka dekninga i Indre, tvert imot.

– Me har tilsett ein rasande dyktig journalist i Ytre Sogn, Vilde Grimelid Oppedal. Ho er lokal, har mykje erfaring og er godt i gang med produksjonen. I tillegg bidreg fleire gode frilansarar.

Vidare legg ho til at mange saksfelt vil ha interesse i begge regionar, som regionreforma med Vestland, fritt skuleval og vidaregåande skular generelt. I tillegg er Hydro hjørnesteinsbedrift både i Høyanger og Årdal.

Mykje innan samferdselspolitikk er òg felles. Heile Sogn har titt og ofte utfordringar med ekstremvêr, som kan gje store konsekvensar for vegar og resten av infrastrukturen. 

– Når ein journalist frå den eine regionen skriv saker om desse felta, blir saka fort like aktuell i den andre regionen - utan at den krev særleg meir jobbing. Slik kan me styrka kvarandre. 

– I tillegg kan journalistane jobba saman på tvers av regiongrensene viss det er tema me vil gå djupare inn på. 

Dermed vil Porten.no halda fram med å dekka alle dei sju kommunane i Indre Sogn, samt to kommunar i Ytre Sogn. 

– I Indre Sogn er kjerneområda våre Sogndal, Luster, Årdal og Lærdal, medan i Ytre Sogn blir det fokus på Høyanger og Gulen i fyrsteomgang, seier Haga.

884.000 kroner frå Medietilsynet til satsinga

Haga fortel at Porten.no lenge har leika med tanken om å ta konseptet vidare til fleire område. I fjor sendte ho ein søknad til Medietilsynet og skildra planane, og før jul fekk nettavisa 884.000 kroner i stønad til å laga denne tekniske løysinga, samt setja i gang i Ytre Sogn. 

– Eg tykkjer det er veldig kjekt at Medietilsynet har trua på strategien vår. Det tek me som eit kvalitetsteikn.  

Til toppen