Indre Sogn: Kvart år er den same leiken. Desember kjem og nissane vert drege fram frå kottet, og julebrus og julekaker tek opp plassen i kjøkkenskapa. Nokre har sjokoladekalendarar, medan andre har pakkekalendarar.
Juletradisjonane varierer frå heim til heim, men ein som går att er det ærverdige peparkakehuset. Pynt og godteri i alle regnbogens fargar vert funnen fram - og kvalitetsjekka, sjølvsagt. Og til slutt står ein att med... eit eller anna resultat.
Me i Porten.no vil uansett sjå dei, anten det er det sixtinske kapell i peparkakeform, eller om det er ein form for abstrakt gapahuk.
Så send oss ditt bidrag til tips@porten.no innan 23. desember klokka 12 for å vera med i konkurransen.
Treng du inspirasjon? Sjå bileta frå peparkaketevlinga på Årdal vidaregåande skule for nokre år sidan nedanfor.