HAR TRUA: Redaktør og dagleg leiar Synne Asheim Haga trur papir er vegen å gå for Porten.no, så lenge verksemda kan løysa distribusjonen.
HAR TRUA: Redaktør og dagleg leiar Synne Asheim Haga trur papir er vegen å gå for Porten.no, så lenge verksemda kan løysa distribusjonen. ( )

Porten.no med luftig satsing, no òg på papir

Papiravisa er framleis populær, men med svekkinga av Posten blir det stadig tøffare å få ho levert ut til postkassane til folk. No går Porten.no nye vegar for å løysa distribusjonsgåta.

Årdal/aprilspøk: I mars kunne me fortelja at Porten.no har fått 884.000 i støtte frå Medietilsynet.

Den gong var det lite me kunne avsløra, anna enn at kronene skulle gå til «eit vekstprosjekt som skal rusta nettavisa og bidra til å koma endå tettare på lokalsamfunna i regionen.»

No er derimot dei siste formalitetane i orden, og me kan stolte avsløra at me frå og med neste veke óg vil koma ut som papiravis, under namnet Porten.no-avisa.

SJEKK PUBLISERINGSDATOEN: Redaktør og dagleg leiar Synne Asheim Haga trur papir er vegen å gå for Porten.no, så lenge verksemda kan løysa distribusjonen. Foto: Arkiv

– Ryktene om papiravisens død er sterkt overdrivne, seier redaktør og dagleg leiar Synne Asheim Haga.

Innovativ satsing

Medan lokalaviser landet over fryktar for konsekvensane av den nye postlova, som mellom anna medfører at det berre er postombering annakvar dag, satsar Porten.no nye vegar for å få avisene i postkassene til folk.

Nøkkelordet her er industri 4.0, som har blitt det nye moteordet i Årdal etter etableringa av teknologisenteret SITEP

– I SITEP har me fått ein unik partnar å spela på lokalt når det gjeld å utvikla innovative teknologiar. I korte trekk går det ut på å bruka robotar og droneteknologi, i samspel med kunstig intelligens, slik at utlevering av aviser, frå trykkeri til postkasse, vil verta heilautomatisert, seier Haga.

Ho fortel at Falkeblikk, dronefilmselskapet i Sogndal, er med som partnarar, medan Rocketfarm vil bistå med robotingeniørar under testprosjektet.

– Dette er lokale selskap som allereie har brei erfaring med å setta denne typen teknologi ut i livet, seier Haga.

UTVIDER VERKSEMDA: Få kan det er å fly droner mellom fjell og fjordar i Sogn som Falkeblikk. Gründerverksemda frå Sogndal er med som partnar på droneavisomberingsprosjektet. Foto: Pressefoto

Porten.no-avisa skal trykkast i Printfarm sine nye lokale i Utladalen.

Har hastverk

Det kan høyrast ut som science fiction, men selskap som Amazon har heilt sidan 2016 eksperimentert med liknande løysingar for å levera varer direkte frå lager til kunde.

No er teknologien komen såpass langt at det òg er realistisk for langt mindre pengesterke aktørar å ta den i bruk. 

Pengestøtta frå Medietilsynet skal gå til eit avgrensa testprosjekt, der ti droner skal levera aviser til hundre utvalde husstander i Øvre Årdal.

– Viss det blir ein suksess, så håpar me å kunna skalera opp denne løysinga slik at me kan nå alle våre abonnentar. Forhåpentlegvis vil me kunne implementera dette allereie i første halvdel av 2020, seier Haga, som dermed har eit håp om å koma i mål med omlegginga før den nye postlova trer i kraft for fullt.

Lite prishopp frå nyttår

Fram til 1. januar 2020 vil Porten.no-avisa blir levert med posten fem dagar i veka, før den nye teknologien etter planen vil bli fasa inn.

Haga trur lokalaviser som ikkje tenkjer nyskapande kring distribusjon om få år vil store problem med å overleva i ein stadig tøffare mediemarknad.

– Tomrommet etter desse har ikkje oppstått enno, men vi ønskjer å stå klare til å fylla det, seier Haga.

Ønskjer du papiravis og allereie er abonnent, kan du få den gratis fram til 2020. Alt du må gjera er å senda ein e-post til marknad@porten.no, der du opplyser namn, adresse, favorittfarge og kundenummer.

Frå 1. januar vil prisen auka til 1499,- for abonnentar i Øvre Årdal, til 1999,- for kundar på Årdalstangen, og 2199,- i landet ellers.

Til toppen