Porten.no med ny valportal
meiningar
meiningar

Porten.no med ny valportal

Under 14 dagar før val er det ikkje eit sekund for seint at Porten.no lanserer ein valportal under fana #PortenVal.

Nokre spennande dagar gjenstår før det er klart kven som er vinnarane og taparane av kommunestyre- og fylkestingvalet.

I Porten.no har me dei siste vekene jobba hardt for å få til ein eigen valportal under fana #PortenVal, der me kjem til å samla alt som omhandlar politikken som utspelar seg dei neste dagane.

I tillegg til nyhendesakene har me også snakka med samtlege ordførarkandidatar, som kvar for seg har fått sin sjanse til å fortelja om sitt partis politikk. Forhåpentlegvis vil det gi lesarane eit godt bilete av kva dei ulike partia står for og vil kjempa for i Årdal og Lærdal.

Me har også gjort eit videointervju med ordførarkandidatane slik at du skal få eit betre inntrykk av kven som kan bli din kommune sin neste ordførar.

Førebels er me berre ferdig med Årdal, men lærdølene må ikkje fortvila. Det kjem tilsvarande dekning der over dei neste dagane, er planen. Me ber om forståing for at alt stoffet skal bearbeidast til noko fornuftig.

Tanken bak denne valportalen er å samla nyhende og informasjon slik at våre lesarar enkelt kan finna fram til det stoffet dei er ute etter. Frå framsida på Porten.no kan du via #PortenVal-banneret klikka deg inn på portalen.

Til slutt ønskjer me at lesarane involverer seg. Me kjem til å ha avstemmningar, og brukar du #PortenVal på Twitter, vil meiningane dine synast i Twitter-feeden på portalen. Me vil oppmoda alle som har synspunkt om å koma med dei, koma med innspel til kva som kan vera verdt å testa politikarane på og elles dela sine meiningar på Porten.no.

Klikk på banneret for å koma inn på #PortenVal.

Banneret som viser #PortenVal.

Til toppen