Porten.no med over 50 % vekst i 2016

Porten.no med over 50 % vekst i 2016

Bli med på veksten!

Det kan skje mange endringar på eitt år, og for oss har desse vore utelukkande positive. Januar opna med spinnville tal. Ovanfor er januar 2017 sett opp mot januar 2016.

Frå juni 2016 har Mediehuset Porten hatt tre journalistar. Med kvar sin base i Sogndal, Lærdal og Årdal, produserer dei kritisk journalistikk, daglege nyhende og gode historier frå regionen Indre Sogn. I tillegg bidreg ei rekkje dyktige frilansarar. Også du kan dra nytte av veksten.

Me tilbyr mellom anna: 

  • stillingspakke: Jobb i Sogn
  • kalendar: Primstaven
  • native ads
  • konsultasjon
  • banner

Det er sjeldan lurt å budsjettere heile kampanjen i éin kanal, men det er neimen ikkje lett å følgje med på alle moglegheitene heller. SEO, søkerordsanalyse, personas, Google Analytics, AdWords, Facebook, osb... Me hjelper deg med å nå ut med den riktige bodskapen i dei riktige kanalane. 

Native ads — reklamen forbrukaren oppsøker

Content marketinger er innhald som presenterer dykk, dykkar produkt eller tenester. Det kan vere artiklar, foto, lyd eller video. Innhaldet skal vere spennande og ha ei god vinkling, slik at folk har lyst til å bruke tid på det. Medan folk gjer nettopp det, vert dei presenterte for dykkar merkevare. I staden for den irriterande kjensla prangande reklame kan gje, får ein eit positivt inntrykk av produkt og avsendar. Som annonsør, oppnår du tillit og relasjonsbygging. Slikt innhald kan nyttast i ei rekkje kanalar: Porten.no, heimesida dykkar, årsrapportar, rekrutteringsprosessar, utdanningsmesser, og meir. I motsetnad til banner og konkurransar, er det også evigvarande, og det kan delast og spreiast i sosiale media. 

Banner — klassisk synlegheit

Kvar dag får Porten.no ein drøss med visningar. Ei visning vil seie kvar gong nokon klikker seg inn. Ynskjer du synlegheit via banner, førehandsbestiller du ei mengde av desse visningane på ei gitt plassering. Denne visningsmengda kan du spreie utover det tidsrommet du ynskjer, til dømes ein dag, ei veke, eller så fort som råd. Visningane kostar mellom 10 og 30 øre, avhengig av plassering. Me veileier gjerne om kva som kan vere gode alternativ for dykkar mål.

De kan også a/b-teste ulike annonser. Dette vil seie å laste opp to eller fleire versjonar av annonsa, for så å late systemet vårt finne ut av kva for ein det er som gjer mest klikk. Vidare vil den beste verte mest synleg, slik at de får mest igjen for kronene. 

BRATT MORO: Fengande og informativ bannerannonse for Fjellsportfestivalen.
BRATT MORO: Fengande og informativ bannerannonse for Fjellsportfestivalen.

Få rapport på annonseeffekt

Innimellom ser me tilfelle der ein gong på gong investerer pengar utan å vete om ein får noko igjen. Korleis kan ein då gjere betringar til neste annonsering? Utan gode tal, vil ein miste eit kritisk punkt i den strategiske vurderinga: planlegg — gjennomfør — evaluer — betre — planlegg. 

Til toppen