Porten.no består i dag av Halvor Farsund Storvik, Synne Asheim Haga, Ole Ramshus Sælthun og Truls Grane Sylvarnes, der sistnemnde er ansvarleg redaktør.
Porten.no består i dag av Halvor Farsund Storvik, Synne Asheim Haga, Ole Ramshus Sælthun og Truls Grane Sylvarnes, der sistnemnde er ansvarleg redaktør.

Porten.no satsar vidare – dette er nytt

Porten.no har valt publiseringssystemet Neo frå TU Media som ny plattform. – Det vil leggja til rette for meir vekst, seier ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes.

Onsdag lanserer Porten.no sine heilt nye nettsider med publiseringsløysinga Neo. Neo er den same publiseringsløysinga som nettaviser som Tek.no, TU.no, M24.no og Digi.no brukar i dag.

– Det er tre år sidan nettsidene til Porten.no fekk seg ei etterlengta oppgradering. No satsar me vidare med denne nye løysinga som me trur vil gi lesarane ei endå betre oppleving av å lese lokale nyheiter frå Indre Sogn. I tillegg trur me dette vil opne for nye inntektsmoglegheiter, seier ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes.

– Skal vere først og best

I tillegg til at designet vil vere noko endra, vil den nye plattformen også legge til rette for litt annan redaksjonell prioritering.

– No får me ein notisfunksjon der saker me elles ville brukt litt tid på kan leggjast inn mykje kjappare og meir effektivt. Då får me sjansen til å prioritere vårt eige stoff i endå større grad og løfte det tydelegare fram for lesaren.

– Elles skal me framleis sikte på å vere først og best på siste nytt i Indre Sogn.

Kraftig vekst i tal lesarar

Mykje har skjedd på dei tre åra sidan Porten AS vart kjøpt opp av Årdalsnett AS. I tillegg til å ha tilsett to journalistar, har me auka dekningsområdet frå berre Årdal og Lærdal til Sogndal, Leikanger, Aurland og Luster.

Tilbakemeldingane er gode, og sidan august 2014 har nettavisa tredobla tal lesarar. Oppdaterte tal frå dei siste to vekene syner at Porten.no har i snitt 7200 unike brukarar innom kvar dag. Samanlikna med same periode i 2016 er det ein auke på 40 prosent.

– Det syner at folk ser på oss som ein viktig aktør i regionen. Etter mitt syn er Porten.no viktig for mediemangfaldet og lokaldemokratiet i Sogn. Konkurranse er bra, også for annonsørane sin del. 

Framleis ei gratisavis – inntil vidare

Inntil vidare skal stoffet som blir publisert framleis vere gratis, men dagleg leiar i Porten AS, Odd Øren, seier at for å vidareføre kvalitet, dekning og vekst, må nettavisa skaffe seg eit mykje betre inntektsgrunnlag.

– Ei open og gratis nettavis er viktig for lokaldemokratiet. I vårt dekningsområde er Porten.no no dei einaste som ikkje har lagt artiklane bak betalingsmur, og det vil me helst halde fram med. Likevel er betalingsmur noko me alltid har oppe til vurdering i det som er ein stadig tøffare annonsemarknad, seier han.

Til toppen