SJÅ DIREKTE: I helga kan du følgje barn og barnebarn, kompis eller veninne, direkte på Porten.no når me sender titals kampar frå KM i futsal i Årdalshallen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SJÅ DIREKTE: I helga kan du følgje barn og barnebarn, kompis eller veninne, direkte på Porten.no når me sender titals kampar frå KM i futsal i Årdalshallen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Porten.no sender KM i futsal frå Årdalshallen

Denne helga kan du følgje krinsmeisterskap i futsal direkte på Porten.no.

I eit samarbeid mellom Porten.no, IL Jotun og Focus UB sender me eit utval kampar frå Årdalshallen denne helga. 

Heile 38 lag skal i aksjon laurdag og søndag i årsklassane 13 til 16 år på både gute- og jentesida. Har du ikkje moglegheit til å ta turen i hallen denne helga, kan du følgje med på nett.

– Dette blir eit spannande prosjekt å ta del i for vår del. Det er jo nettopp dette Porten. no ønskjer å vere gode på – vere der det skjer og fortelje om det medan det skjer. Me ser fram til ei innhaldsrik og fartsfylt helg i Årdalshallen, seier ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes.

Det er ungdomsbedrifta Focus UB som står for sjølve produksjonen. Ungdomsbedrifta består av elevar på medielinja ved Sogndal vidaregåande skule.

I fjor sommar utvida Porten.no nedslagsfeltet sitt og dekker no heile Indre Sogn. Denne helga får du sjå lag frå både Lærdal, Aurland, Årdal, Sogndal og Luster i aksjon. 

– På denne måten kan familie og vener av spelarar som kjem langvegsfrå følgje laget deira direkte, men me håpar sjølvsagt at flest mogleg kan ta turen til Årdalshallen denne helga og heie fram laga sine, seier leiar for fotballgruppa i IL Jotun, Henrik Rønningen.

Sjølve kampoppsettet vert publisert for høvesvis laurdag og søndag på desse dagane, men det blir altså plukka ut kampar frå alle årsklassar og lag.

– Og så må me sjølvsagt håpe at teknikken står oss bi, som vanleg. Det gjer det stort sett, men vit at me gjer vårt beste med å få orden på sakene dersom noko uventa skulle skje, seier Sylvarnes.

Til toppen