PÅSKEQUIZ: Med ynskje om ei god påske frå oss i Porten.no.
PÅSKEQUIZ: Med ynskje om ei god påske frå oss i Porten.no. (Foto: Linda Watten)

Porten.no sin Påskequiz 2019

Det gjer ingenting om du sit på fjellet og nyt påskesola, er på påskeferie, eller har arbeidshelg. Svarar du på denne påskequizen kan du vinna ein fin premie frå oss i Porten.no.

Påskequiz: Med god hjelp frå elevane i 10. klasse ved Luster ungdomsskule i Gaupne har Porten.no fått samla saman spørsmål til ein heilt eigen påskequiz. 

Tre elevar frå 10. klasse i Gaupne deltok denne veka på Klassequizen i regi av NRK på Marienlyst i Oslo. Korleis det gjekk med dei kan du sjå på TV til våren, men no har dei fyrst og fremst gjeve litt av kunnskapen sin til denne quizen. 

Lat oss starta! 🐣

10. klasse sine spørsmål

Spørsmål 1: Kva er det fulle namnet til karakteren Harry Potter?
a) Harry Bill Potter
b) Harry Sirius Potter
c) Harry James Potter

Spørsmål 2: Kor mange egg et nordmenn i påsken?
a) ca. 21 millionar
b) ca. 15 millionar
c) ca. 8 millionar

Spørsmål 3: Når byrja me å selge Kvikklunsj i Norge?
a) sidan 1937
b) sidan 1954
c) sidan 1987

Spørsmål 4: Kor mange tonn med appelsin et me i påsken?
a) 6400 tonn
b) 5000 tonn
c) 3500 tonn

Spørsmål 5: Kva er forskjellen på høner som får brune egg og dei som får kvite egg?
a) nebbet
b) fargen på høna
c) øyrefikane

Spørsmål 6: Kor mange menneske døydde under terrorangrepet 22. juli 2011?
a) 8 stykk i Regjeringskvartalet og 69 på Utøya
b) 4 stykk i Regjeringskvartalet og 36 på Utøya
c) 10 stykk i Regjeringskvartalet og 51 på Utøya

Spørsmål 7: Kven spelar Rachel Green i TV-serien Friends?
a) Jennifer Aniston
b) Angelina Jolie
c) Emma Watson

Spørsmål 7: Når døydde skodespelaren Alan Rickman?
a) 16. april 2014
b) 14. januar 2016
c) 21. januar 2015

Spørsmål 8: Kva heitte vokalisten i rockebandet Nirvana?
a) Dave Grohl
b) Kurt Cobain
c) Pat Smear

Spørsmål 9: Korleis ser symbolet til huset Ravenclaw (Ravnklo) i Harry Potter ut?
a) Sølv og blå farge med bilde av ein ravn
b) Bronse og raud farge med bilde av ei løve
c) Bronse og blå farge med bilde av ein ørn

Logiske gåter 

Spørsmål 10: Du kjem på hytta i påsken og den er iskald. Det ligg berre att ei fyrstikk frå i fjor som du kan bruka. I hytta har du ein peis, ein parafinlampe, og eit stearinlys. Kva tenner du først?

Spørsmål 11: I påsken er det greitt å terpe litt kristendomkunnskap. Kor mange dyr av kvart slag hadde Moses med seg i arken sin? 

Spørsmål 12: Du har reist langt i påsken og har hamna i eit hus der alle veggane er raude og vender mot sør. Innvendig er veggane grøne. Utanfor er det ein liten bjørneunge. Kva farge har han?

Spørsmål 13: Du har endeleg lagt deg på sofaen på hytta for å slappa av i påskeferien då vegguret slår 13 slag. Kva er då klokka? 

Godt og blanda 

Spørsmål 14: Kva heitte teaterstykket som blei satt opp på Harastølen, i Luster, i fjor sommar?

Spørsmål 15: Kva heiter ungdomsserien, som P3 står bak, som er blitt spela inn på Sandane det siste året? 

Spørsmål 16: Kva heiter det høgaste fjellet i Luster kommune? 

Spørsmål 17: Kva heiter redaktøren i Porten.no? 

Send svara dine til tips@porten.no innan måndag 2. påskedag, og du er med i trekninga om ein fin premie.

God påske, nyt kvart sekund!

Redaksjonen i Porten.no
Til toppen