NEXT LEVEL: – Å ja, du tar den til next level, ler Chirag i Karpe Diem då han og Magdi fekk testa dialektkunnskapane sine med Porten.no. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
NEXT LEVEL: – Å ja, du tar den til next level, ler Chirag i Karpe Diem då han og Magdi fekk testa dialektkunnskapane sine med Porten.no. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Porten.no testa dialektkunnskapane til Magdi og Chirag

– Bannare gapen. Det må vera ein som er schtøgg i kjeften. Er eg inne på noko?

Årdal: Årets Målrock-festival var, som mange venta, tidenes i rekka med rekordmange inne på området og strålande musikalske opplevingar som perler på ei snor.

For mange var konserten med Karpe Diem kanskje høgdepunktet. Rapgruppa beståande av Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel lagde som vanleg stor stemning då dei framførte «Kors på halsen, ti kniver i hjertet, mor og far i døden»-albummet for siste gong.

Les også: – Me har dobbelt å ta att

Frå scena viste dei to både sjarm og karisma, og det er ingen tvil om at dei er flinke med ord. Men kor gode er dei eigentleg på dialektar?

Tidlegare fredag hadde Porten.no eit eksklusivt møte med Magdi og Chirag, der dei fekk testa dialektkunnskapane, noko som skulle visa seg å komma godt med seinare den kvelden då dei drog i gong allsong med «Du er på Tangen no, bannare gapen!». 

Les alt om Målrock HER.

«Bannare gapen», «Ho hi ho ha ho», «Kopa» og «Buddleraign» var nokre av uttrykka dei fekk prøve seg på.

Korleis dei greidde seg ser du videoen øvst i artikkelen.

Til toppen