Porten.no utvidar nedslagsfeltet​

Porten.no utvidar nedslagsfeltet​

No får du nyheiter frå Indre Sogn på Porten.no.

  • Endret

I alle år har Porten.no dekka Lærdal og Årdal, men sidan satsinga i 2014 har målet alltid vore å utvide nedslagsfeltet gradvis.

Den siste tida har du kanskje merka at det har dukka opp stoff frå andre kommunar. Dette har vore ein mjuk start. 

– Det har alltid vore eit mål å utvide dekningsområdet. Dei siste to åra har me ikkje berre dekka det som skjer i kommunane Årdal og Lærdal, men også det som påverkar kommunane, som til dømes vedtak i fylkeskommunen, seier ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes.

– Det er også interessant å sjå korleis kommunane kan påverka kvarandre. Det er saka med MR-maskin til Lærdal sjukehus eit godt døme på. Porten.no har også fulgt kommunereforma svært tett, der vedtak i kommunar har påverka naboane rundt, legg han til og forsikrar om at satsinga ikkje skal gå på bekostning av anna stoff.

– Folk skal ikkje vere redd for at dei mindre sakene no skal bli uviktig. Heldigvis er det ei stund til nettet blir fylt opp, så hjå oss er det framleis plass til dei mindre, kvardagslege sakene og dei store, tunge sakene. 

Onsdag vart Halvor Farsund Storvik tilsett i Porten.no. Han held til i Sogndal og blir ei viktig brikke i denne satsinga. Dessutan hadde Ole Ramshus Sælthun sin første arbeidsdag same dag. Begge to har brei erfaring frå journalistikken. 

– Også eg innser at ei utviding ikkje er gjort på ein dag, men me skal gjera alt me kan for å få med oss det folk interesserer seg for og vil lese om, seier Sylvarnes og minner om at ein alltid har siste nytt tilgjengeleg på mobiltelefonen i lomma med Porten.no.

– Men me treng sjølvsagt drahjelp. Har du tips til noko som kan vere av interesse for fleire, gi oss beskjed, så skal me gripe tak i det. Så lenge det er timar i døgnet, skal me gjere det me kan for å gi deg siste nytt. 

Målet, fortel redaktøren, er å bli noverande og tidlegare innbyggjarar i Indre Sogn sin viktigaste informasjonskanal. 

– Dette vil også bety mykje for annonsørane, som no vil nå ut til eit endå breiare publikum enn dei gjer i dag og får dermed meir att for pengane, seier dagleg leiar Odd Øren. 

Hjelp oss å spre ordet ved å dele denne saka. 

Har du tips, kan du kontakte oss på 480 13 131, bruke dette skjemaet, eller sende ein e-post til tips@porten.no.

Til toppen