Årdal: – Helikopteret har fått spylt ein del, men ein saum i posen rauk, slik at vatnet rann ut. Posen vart sendt inn til Årdal for reparasjon.
Det fortel Ole Kristian Åset i Statens vegvesen.
Vasstanken er ein pose som er sydd i hop, laga av eit sterkt nylonmateriale. Han er som ein opp ned paraply i forma. Men sjølv om materialet i tanken er sterkt, var det altso eit område heilt nedst i tanken som var slite.
– Det er akkurat der som tanken vert snurpa i hop i botn, der vasstrålen kjem ut, at ein saum rauk.
Det var på ASVO på Årdalstangen at dei fekk sydd i hop posen/tanken, slik at han vart tett og kunne nyttast vidare til å spyla med.
– Heldigvis har ASVO-fabrikken på Årdalstangen ei kraftig symaskin, seier Åset.
I mellomtida måtte helikopteret og mannskapet ta pause i arbeidet med å spyla skråninga ved Finnsåstunnelen.

Takk til ASVO
Det er eit mindre støttehelikopter på plass ved tunnelen i tillegg til Super Puma-helikopteret «Obelix», og det var dette helikopteret som flaug tanken over til Årdalstangen.
Om lag klokka 12.00 vart tanken floge tilbake til rasstaden, fiks ferdig reparert.
– Ein stor takk til ASVO som fiksa dette veldig kjapt, seier Åset.
Han rekna med at helikopteret ville vere i lufta med tanken att om lag 12.15.
– No er det berre 40-50 skruar som må skuast i før tanken er hekta på att.
Før lekkasjen vart oppdaga og helikopteret laut setjast på bakken, hadde helikopteret fått spylt om lag ein halv time.
«Obelix» har so langt fått has på massane som det vesle helikopteret på fredag ikkje kunne råda med
Åset fortel at helikopteret «Obelix» fekk gjort ein heil del den halvtimen det var i aksjon før tanken måtte vølast.
Fredagen som var måtte det mindre helikopteret til slutt gje opp spylinga då det ikkje makta å få laus meir jord og stein.
Med det nye store helikopteret og den tre gonger so store vasstanken gjekk det derimot å få løyst opp i lausmassane.
Medan «Obelix» spyler av full makt, er også det mindre helikopteret i lufta. Det er folk frå Mesta fjellsikring på plass med spett og tau. Dei ser frå helikopteret kvar dei skal ta fatt på å fjerne tre og større steinar.