Gulen: Gulen kommune melder at ein ny person har testa positivt på koronaviruset. Smittetilfellet skal vere knytt til smitten som vart registret i kommunen fredag.
Den smitta personen som testa positivt måndag skal ikkje opphalde seg i kommunen. Nærkontaktar er varsla og sette i karantene, melder kommunen.
Personen som vart stadfesta smitta fredag sit i isolasjon og smittevegen er kjend, ifølgje kommunen.