GODE TAL: Avdelingsleiar ved Årdal vidaregåande skule, Henny Midtun, er veldig nøgd med at så mange fullfører og består den yrkesfaglege utdanniga. Foto: Kaja Nygård.
GODE TAL: Avdelingsleiar ved Årdal vidaregåande skule, Henny Midtun, er veldig nøgd med at så mange fullfører og består den yrkesfaglege utdanniga. Foto: Kaja Nygård.

Positiv utvikling innan den yrkesfaglege opplæringa 

Fleire fullfører og består den yrkesfaglege opplæringa i den vidaregåande skulen. 

Årdal: Sogn og Fjordane fylke kan vise til 5 prosent auke på fullført og bestått vg2 yrkesfag for alle skulane. Det er statistikk frå dei to siste åra som viser den positive utviklinga.

I tillegg er det ein nedgang i tal elevar som sluttar i løpet av vg2 på dei yrkesfaglege programma. I 2014 var det 50 som slutta i løpet av vg2 mot 36 i 2015. Dette tilsvarar 1 % nedgang.

Program for betre gjennomføring

Hovudutvalet for opplæring gjorde i 2015 vedtak om at gjennomføring og overgangen frå skule til bedrift skulle vera eit hovudarbeidsområde. Gjennom den nasjonale satsinga «program for betre gjennomføring», har fylkesdirektøren hatt tett oppfølging av dei vidaregåande skulane. Innføring av gode rutinar for kvalifisering og gjennomføring, samt oppfølging for å innarbeide gode rutinar i høve formidlinga til opplæring i bedrift har vore viktig.

Alle dei vidaregåande skulane med yrkesfaglege utdanningsprogram har ei ordning med arbeidslivskontakt. Fylkesdirektøren har også lagt klare føringar for at skulane skal ta større ansvar for formidlingsprosessen.

Fråfallet er størst mellom vg2 i skule til vg3 i bedrift, og potensialet for auka gjennomføring er såleis størst der.

Årdal vidaregåande skule

Årdal vidaregåande skule kan vise til 86 prosent fullført og bestått innan den yrkesfaglege utdanninga skuleåret 2014-15. Dette er gode tal og viser ei fin utvikling.

Skulen har yrkesprogramma service og samferdsle, elektrofag med automatisering på vg2 og 3, samt  teknikk og industriell produksjon med kjemiprosess og industriteknologi på vg2.

Avdelingsleiar for yrkesfaga Henny Midtun kan fortelje at ho er veldig nøgd med at så mange fullfører og består.

- Det er viktig at når ungdommane byrjar med ei utdanning, så klarer dei å fullføre. Dette er noko me jobbar systematisk med for å få til.

Ho fortel vidare at det er veldig mange gode argument for at Årdal vidaregåande skule har så gode tal på elevar som fullfører den yrkesfaglege utdanninga.

- Årdal vidaregåande skule er ein liten skule, og me har veldig god oversikt over elevane våre. Det er viktig at me jobbar tett på dei.  Fylkeskommunen har hatt som satsing område at dei skal følgje opp elevane tett, slik at dei kan kvalifisere seg til neste trinn, seier Midtun.

Ho fortel vidare at dei har veldig god tilgang på læreplassar for elevane på yrkesfag.

- Etter at me fekk eit lokalt opplæringskontor, Sogn opplæringskontor, så har bedriftene i større grad oppretta fleire læreplassar. Me samarbeider med dei om å vere tettare på elevane.

Midtun legg til at elevane ser på den gode tilgangen på læreplassar som motivasjon til å fullføre.

- I tillegg samarbeider me godt med det lokale næringsliv. Mange bedrifter i Årdal er flinke til å ta i mot elevar i yrkespraktisk, og det er me avhengige av. I yrkespraktisk ser elevane kva slags typar jobbar dei kan gå inn i og kva utdanninga dreier seg om. Dei får prøvd ut ulike lærefag før dei bestemmer seg og det gir mykje lærdom.

- Me brukar også næringslivet utanfor Årdal. Me strekkjer oss langt, slik at hybelbuarane skal få kunne ha yrkespraktisk der dei kjem frå, seier Midtun og legg til at ho føler dei har eit veldig godt og tett samarbeid med næringslivet.

Årdal vidaregåande skule har ein miljøkoordinator som jobbar tett på hybelbuarane. Midtun seier at medelevane og bygdefolket tek seg godt av hybelbuarane.

- Det er viktig at elevane våre trivst både på skulen og i fritida. Me trur dette gjer at fleire klarer å fullføre.

Ho fortel vidare at lærarane gjer ein god jobb og at dei følgjer godt opp elevane.

- Lærarane hjelper elevane med faglege problem og andre utfordringar. I tillegg har me eit godt samarbeid med foreldra. Viss eleven slit med noko prøver me å ta kontakt med foreldra tidleg. På denne måten er det fleire som kan hjelpe eleven.

Ho legg til at elevane skal føle seg trygge på skulen. 

Nøgde elevar

Lars Edvin Sperle og Martin Hugøy er to elevar som går på linja automasjon ved Årdal vidaregåande skule. Begge likar seg godt på denne linja.

- Eg hadde høyrt mykje positivt om denne linja, så valet var lett då eg skulle velje linje. I tillegg synest eg automasjon var det mest interessante faget me hadde på vg1 elektro, seier Sperle.

Han legg til at automasjon er ei veldig spanande linje, der det er både teoretisk og praktisk arbeid.

- Faga me får jobbe praktisk i er automasjon, el-energi og mekaniske disiplinar. Eg likar best faget automasjon, fordi det er veldig interessant og me har ein veldig god lærar.

Elevar: Martin Hugøy og Lars Edvin Sperle går på linja automasjon ved Årdal vidaregåande skule.
Elevar: Martin Hugøy og Lars Edvin Sperle går på linja automasjon ved Årdal vidaregåande skule.
Til toppen