Lærdal: Det positive resultatet er påverka av høgare oppnådd salspris, god produksjon og salsgevinst innan vindkraftområdet, opplyser selskapet i ei pressemelding tysdag.
– I ein utfordrande marknad er me tilfreds med 2016-resultatet, og med at både underliggande driftsresultat og EBITDA viser ei forbetring frå fjoråret. Oppnådd salspris ligg 4 prosent over gjennomsnittleg spotpris, og me ser no ein lågare effekt av prissikringar enn tidlegare år. Vellykka vassdisponering bidreg likevel positivt til salsprisen, seier administrerande direktør Oddmund Kroken i pressemeldinga.
- Les også: Opna lite kontroversielt kraftverk
Driftsinntektene i 2016 enda på 516 millionar kroner mot 500 millionar året før. Det er ein auke på 4,2 prosent. Omsetningsauken vert knytt til auka kraftprisar og auka produksjon innanfor fjernvarme. Salsprisen auka med tolv prosent, medan innan fjernvarme auka omsetninga med 35 prosent.
Driftskostnadene var stort sett på same nivå som året før. Dei enda på 133 millionar kroner mot 128 millionar i 2015.
Dei siste fem åra har pila for kraftprisane peika nedover, og prognosane gir ikkje håp om auke, meiner selskapet.
- Les også: Her blir 4,4 årsverk kutta
– Me innstiller oss og tilpassar selskapet til framleis låge kraftprisar dei komande åra. Låge kraftprisar vil påverka resultata våre framover. Me har sett i gang fleire tiltak for å tilpassa drifta til eit lågare inntektsnivå, seier Kroen.
Østfold Energi investerte for 73 millionar kroner i 2016, der hovudtyngda av investeringane var knytt til vedlikehald av eksisterande anlegg. Dessutan vart eit nytt småkraftverk, Nivla, ferdigstilt i 2016.