GRØNE TAL: Sogn og Fjordane fylkeskommune kan vise til eit positivt rekneskapsresultat for 2015. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. 
GRØNE TAL: Sogn og Fjordane fylkeskommune kan vise til eit positivt rekneskapsresultat for 2015. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.  (Foto: Halvor Farsund Stovik)

Positive tal for fylkeskommunen

Sogn og Fjordane sin rekneskap for 2015 gir eit overskot på 57,1 millionar kroner.

God budsjettdisiplin og økonomistyring gjer sitt til at resultatet er noko betre enn gjennomsnittet for dei fire siste åra. 

For fylkeskommunar er det no tilrådd å ha eit netto driftsresultat på minst fire prosent av samla driftsinntekter. For Sogn og Fjordane var netto driftsresultat i 2015 på 5,3 millionar kroner eller 5,3 prosent. 

Høgre overføringar av driftsmidlar til investeringar er årsaka til denne resultatforbetringa samanlikna med 2014.

Nytt inntektssystem

I 2015 vart det innført eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane, men for Sogn og Fjordane gav ikkje dette nye systemet vesentlege utslag i fjor då ein fekk kompensert innlagt reduksjon.

– Først frå 2016 vil fylkeskommunen sine inntekter gå vesentleg ned. Fram til og med 2019 er denne reduksjonen stipulert til 140-210 millionar kroner årleg. Det endelege nivået vil avhenge av om dagens tapskompensasjon blir trappa vidare opp eller ikkje, skriv dei i ei pressemelding.

Budsjettstyring

I budsjettstyringa skil ein mellom anslagsløyvingar og ordinære løyvingar. Anslagsløyvingane er kjenneteikna av at dei er lite «styrbare». Det betyr at sluttresultatet på postane er avhengig av faktorar som ligg utanfor fylkeskommunal kontroll. Ordinære løyvingar er styrbare løyvingar, der fylkeskommunen i stor grad skal ha kontroll på sluttresultatet.

– For dei styrbare løyvingane har fylkeskommunen som prinsipp at me skal ha budsjettdekning for dei tenestene vi yter. Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin vert difor ikkje alle budsjettpostar nytta fullt ut; vi styrer så nær opp til 100 prosent som råd. Dette gjev mindre innsparingar på ein god del postar. Dette er ein hovudforklaring på at vi kjem ut med ei netto innsparing på 30,6 millionar kroner på sektornivå i 2015, heiter det vidare.

Heile pressemeldinga kan du lese på fylkeskommunen si nettside

Til toppen