SEINARE POST: A-posten er historie om fleirtalet på Stortinget følgjer innstillinga frå transportkomitèen. Kravet om å levere post til alle fem dagar i veka står derimot ved like. Foto: arkiv.
SEINARE POST: A-posten er historie om fleirtalet på Stortinget følgjer innstillinga frå transportkomitèen. Kravet om å levere post til alle fem dagar i veka står derimot ved like. Foto: arkiv.

Posten får lov til å kutte A-post – 550 tilsette må gå

Posten får lov til å droppe A-posten som sikrar levering over natta og kuttar dermed 550 tilsette på seks terminalar. Men stortingsfleirtalet seier nei til å redusere postomberinga ytterlegare.

NPK-NTB: Det er klart etter at transportkomiteen på Stortinget la fram si innstilling tysdag. Ifølgje VG vil 550 miste jobben i Trondheim, Molde, Stavanger, Bergen, Evenes og Stokke når dei ni brevsorteringsterminalane skal sentraliserast til tre.

Det formelle vedtaket skal takast i Stortinget 29. november og inneber at brevsorteringa sentraliserast til Lørenskog, Bodø og Tromsø.

I dag har Posten krav på seg til å levere post heim til alle fem dagar i veka. Komitéfleirtalet sette stopp for regjeringas forslag om å fjerne 10 prosent av befolkninga frå kravet om å levere post fem dagar i veka.

– Eg er glad for at vi har fått med oss KrF og Venstre i å sikre at posten framleis skal deles ut fem dagar i veka til alle, seier saksordførar Kjell Idar Juvik (Ap) i transport- og kommunikasjonskomiteen.

Til toppen