Årdal: – Tyin-Årdal er reserveløysinga vår for postleveranse når vegen mellom Fodnes og Årdalstangen er stengt. Utover det har me ikkje noka løysing, seier pressetalsmann i Posten, John Eckhoff.
Han kan informera om at postgangen har kunna gå nesten som normalt, trass i raset, ved hjelp av denne fjellovergangen.
Distribusjonssjefen for posten i Lærdal, Lise Larsson, forklarar korleis dette i praksis har fungert:
– Då raset gjekk torsdagen, var vår postbil alt i Årdal, og han returnerte til Lærdal over Tyin-fjellovergangen. Fredagen gjekk postleveransane tur/retur over Tyin, med ein times forseinking på leveransen i Årdal.
Laurdagar går det ikkje brevpost i det heile sidan mars 2016, og sundagar har det aldri vore postgang i nyare tid.
Post kom ikkje til Årdal måndag
Denne måndagen opna ikkje fjellovergangen Årdal-Tyin før klokka elleve, og i utgangspunktet skulle han ikkje opna før tidlegast klokka tolv om dagen.
– Me har difor ikkje fått ut post til Årdal i dag måndag, forklarar Larsson.
– Kva er det då som gjer at det har vore postleveransar i Årdal i dag, på posten i butikk, til dømes?
– Det er berre lite grann att av posten som vart sendt til Årdal over fjellet fredagen, og som har vorte omadressert lokalt i Årdal.
Post som kjem frå austlandet og langvegsfrå som skal til Årdal, går til Bergen før han kjem til Lærdal. Derifrå vert posten køyrt vidare til bygda inst i Sognefjorden.
– Det kostar oss litt overtid å få han ut, men me får han ut. Det einaste er at han vil koma fram til Årdal om lag ein time seinare inntil den vanlege postruta gjennom Finnsåstunnelen kan opna opp att, seier Larsson.
- Les også: Bring sentraliserer i Sogn og Fjordane
Post vert likevel sendt ut frå Årdal måndag
Det er distribusjonsbilane til posten i Lærdal som køyrer tur-retur til og frå Årdal kvar post-vyrkedag. Ettersom posten ikkje har fått køyrt til Årdal i dag, får ikkje nokon postbil køyrt over fjellet og ned til Lærdal denne måndagen.

– Men me får ut posten frå årdølene i ettermiddag med pendlarbåten til Fodnes, fortel Larsson.
Med pendlarbåten vil berre brevpost og ekspresspakker som vart sende måndag koma med. Vanlege pakker vil ikkje verta senda før tysdag, over Tyin-fjellovergangen.
Derifrå vert han køyrt til Lærdal og distribuert vidare som normalt.
– Var det aktuelt å også senda post med pendlarbåt til Årdal måndag, sidan fjellovergangen var stengt?
– Nei, det er so store kvantum med post som vert køyrt inn kvar dag at det hadde vore uråd å frakta det med pendlarbåten. Årdølene får ein god del meir post enn dei sender ut, seier Larsson.
- Les også: Sogn og Fjordane utan postkontor
Også Bring går som normalt

– Me har ringt alle dei bedriftene i Årdal som er faste kundane hjå oss, og sagt at me legg oss i selen og skal få all posten fram, seier pressekontakt Eckhoff.
Også pakketenesta Bring får levert varene, opplyser Lise Larsson. Det same gjeld for Bring som for posten, at alt har gått stort sett som normalt. Unnataket også for Bring er at dei ikkje fekk sendt noko til bygda måndag.