FLYTTING: Postkassestativ landet over kan no bli flytta. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK
FLYTTING: Postkassestativ landet over kan no bli flytta. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

Postkassa di kan bli flytta 250 meter

Ei halvering av brevvolumet sidan 1999 gjer at Posten vil spare tid og pengar ved å samle postkasser. 

-Grunnen til dette er at det er mykje spart tid for postboda. Det er 2,4 millionar postkasser i Noreg. Når vi samlar nokre postkasser, kan vi spare frykteleg mykje tid om du ser landet under eitt, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Noreg til  Stavanger Aftenblad.

Dersom du bur i tettbygde strøk kan eit slik samlingspunkt for postkasser liggje inntil 100 meter frå kvart hus. Der folk bur meir spreidd kan avstanden bli opptil 250 meter.

Rekninga for nytt postkassestativ må innbyggjarane ta sjølve. Posten sender i desse dagar ut det dei kalla oppmodingar om å flytte postkasser, men fortel at ein må gå med på flytting om ein skal vere sikker på å få post i kassa.

-Det er tvang i den forstand at om du ikkje følgjer oppmodinga frå Posten, leverer vi ikkje posten i postkassa. Det er ytste konsekvens, seier Eckhoff.

Til toppen