POSTKORT: Dette oversiktsbiletet av Lærdal kunne eigna seg som postkortmotiv. Men tenk om dei lysegrøne jorda berre var skog. Eller enno verre; betong. Då hadde det ikkje vore mykje til postkortmotiv. Illustrasjonsfoto
POSTKORT: Dette oversiktsbiletet av Lærdal kunne eigna seg som postkortmotiv. Men tenk om dei lysegrøne jorda berre var skog. Eller enno verre; betong. Då hadde det ikkje vore mykje til postkortmotiv. Illustrasjonsfoto

Postkort frå sommar-Noreg 

Å velje norske matvarer i butikken er rett og slett ei investering i framtidas postkort frå sommar-Noreg, skriv nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Ole-Ivar Åm Sognnes.

Postkorta frå sommarferien i Noreg viser utsikt over vakre og mangfaldige landskap, bilete frå byar og bygder i heile landet, og fortel om møte med menneske og smaken av lokale matvarer. Fleire hundre år med norsk landbruk har vore med på å skape det Noreg turistane kjem for å sjå, og som vi som bur her gjerne viser fram. Men framtidas postkort frå sommar-Noreg kan fort bli sjåande annleis ut om den sitjande regjeringa får det som ho vil. 

Det krev meir enn ei stolt historie og lange tradisjonar for å oppretthalde det særeigne norske landbruket. Vi treng ein landbrukspolitikk som legg til rette for at vi framleis kan ha eit landbruk i heile landet, på gardar av ulike storleik, i landskap med ulik topografi og ulike klimatiske fordelea og utfordringar. Den norske landbruksmodellen består av fire grunnpilarar som skal bidra til å nå måla Stortinget til ei kvar tid set for landbrukspolitikken.

Eigedomsreguleringa forsøkt fjerna av regjeringa

Med importvernet, marknadsordningane, eigedomspolitikken og jordbruksforhandlingane stør den norske landbruksmodellen opp under Stortingets mål om mattryggleik, auka verdiskaping og berekraftig landbruk i heile landet. Men fleire av elementa i den norske landbruksmodellen er sett i spel av regjeringa, og det er alvorleg.  

Den eigedomspolitikken vi har i dag er avgjerande for å sikre den sjølveigande bonden og at areala blir brukt til matproduksjon. Store delar av eigedomsreguleringa er forsøkt fjerna av vår sitjande regjering.

Marknadsordningane sikrar at bønder i heile landet gjennom samvirka får avsetning og same pris for råvarene vi produserer. Dette ønskjer regjeringa å svekke. Importvernet er ein premiss for norsk matproduksjon, og er under sterkt press. I tillegg er det mangfaldige norske landbruket forsøkt angripe av regjeringa gjennom dei tre siste jordbruksforhandlingane, gjennom forskriftsendringar og ulike andre framlegg til endringar i landbrukspolitikken. For regjeringa ønskjer å satse på nokre få store gardar, heller enn på dei mindre og mellomstore. 

Ei investering i framtida postkort

Ei slik endring av landbrukspolitikken vil ikkje berre svekke den nasjonale matproduksjonen. Det vil også endre Noreg slik vi kjenner det i dag. Tenk på det når du reiser gjennom Noreg no i sommar. Tenk også på det når du om eitt år skal røyste under stortingsvalet.  

I mellomtida har du moglegheit til å velje kvar einaste gong du står i matbutikken. Dersom du vel den maten som er produsert i Noreg stør du det norske landbruket, og du og alle andre får så mykje med på kjøpet: Aktive gardsbruk med folk og dyr, fantastisk utsikt halde ved like av dyr på beite, og eit land med levande lokalsamfunn.  At du i tillegg veit kva du et og at maten er produsert med god dyre- og plantehelse og med lite bruk av antibiotika, gjer opplevinga endå betre. 

Å velje norske matvarer i butikken er rett og slett ei investering i framtidas postkort frå sommar-Noreg. God sommar! 

Til toppen